Hopp til innhold

Ufrivillig innmeldt i støttegruppe

Fleire er innmeldt i ei gruppe for byggestart på nye Molde sjukehus mot si vilje.

Vil ha byggestart på Molde sjukehus

KREVER START: - Starten må kome slik helseføretaket har vedteke, står det i gruppeinformasjonen.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Randi Stølan

UTMELDT: Randi Stølan meldte seg ut frå gruppa då det vart kjent at ho var med i ei gruppe ho ikkje støtta.

Foto: Privat

Gruppa har på nettsamfunnet Facebook fått over 6000 medlemer i løpet av kort tid. Randi Stølan frå Gjemnes er ei av dei som plutseleg støtta noko ho er i mot.

- Eg syns ikkje noko om å bli meldt inn i ei gruppe utan at eg får setje meg inn i saka på førehand, seier ho til NRK.

- Er du framleis medlem?

- Nei, eg har meldt meg ut.

Over 6.000 medlemer

Sjukehusdebatten i Romsdal og på Nordmøre har for lengst nådd Facebook. Og det er endringar på nettsamfunnet som gjer at det no er mogleg at vener melder inn vener i ulike grupper.

Det er imidlertid mogleg å opprette det som blir kalla samfunnssider, og dermed unngå dette problemet. Wiggo Hovde i Molde har oppretta gruppa som på kort tid har fått over 6000 medlemer.

- Opplyser om korleis ein kan melde seg ut

Vil demonstrere i Molde

OPPMODAR OM Å MØTE MINISTEREN: Gruppa oppmodar til demonstrasjon i Molde tysdag, når helseministeren møter dei sjukehustilsette.

Foto: Åge André Breivik / NRK

- Responsen har vore heilt fantastisk må eg seie. Det har gått i eitt køyr, og innmeldingane kjem stadig.

Men han trur ikkje mange som ikkje støttar kravet om byggestart av sjukehuset i Molde i 2013 er med i gruppa, men at dei heller melder seg ut.

- No har me køyrt fortløpande informasjon om at ein ikkje må melde inn andre mot si vilje, og utan at dei er samde. Me opplyser også om korleis ein melder seg ut, og dette ligg opent heile tida.

- Upåliteleg

- Diskusjonane går heile tida, og det ser ut til at folk er med fordi dei ynskjer å vere med.

Stølan frykter mange er med i gruppa utan å vere klar over det sjølv.

- Talet på medlemer kan ikkje bli brukt i ein diskusjon om korleis standpunkt folk har, når det ikkje er påliteleg.