Torskemiddag

Steikt torsk med blåskjelsaus, selleripuré, selleriskiver og steikt grønkål.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

Steikt torsk med blåskjelsaus, sellerirot og grønkål

Kokkane ved Knutholmen steiker torsken som NRK Sogn og Fjordane har vært med å fiske. Dei serverer fisken med blåskjelsaus med kråkebolle, sellerirotpuré og steikt grønkål.

Slik gjør du

Filetert torsk vert delt i porsjonsstykker. Steik i solsikkeolje i ei glovarm steikepanne. Krydre med salt og pepar. Når fisken har fått ei gyllen og fin steikeskorpe, har vi i usalta smør og snur fisken. Torsken er ferdig når den flakar seg.

Blåskjelsaus med kråkebolle

Kok opp kraft og fløyte. Jamn med maisenna, som er rørt ut i kaldt vatn. Trekk sausen til sida og smak til med sitronsaft. Køyr inn rogn frå ein kråkebolle med stavmiksar. Sil sausen.

Sellerirotpuré

Skrell ei sellerirot. Kutt den i bitar og kok mør i salta vatn. Køyr opp på mikser saman med crème fraîche til passe konsistens.

Selleriskiver

Rå sellerirot skjærast i skiver på mandolin. Ein ostehøvel kan også brukast. Legg dei i isvatn slik at dei blir crispy.

Grønkål

Ha usalta smør i ei steikepanne. Ha grønkålen så vidt i panna. Steik det forsiktig på låg temperatur. Smak til med salt og pepar. Grønkål dett fort saman, så ver forsiktig med varmen.

Tips

Martine Røys Fosse og Martin Sveian har begge to erfaring frå juniorlandslaget for kokkar. No er dei kokkar ved kjøkkenet på Knutholmen i Kalvåg i Sogn og Fjordane.

Les meir om fisketuren: Frå fjord til bord på få timar

Kilde: Martine Røys Fosse og Martin Sveian