Hopp til innhold

I sabotørane sine fotspor

På Rjukan kan du vandra i norsk krigshistorie og få ei flott naturoppleving samstundes.

Eksteriør av Vemork Kraftverk.
Foto: Thorberg, Erik / SCANPIX

Under krigen måtte vanlege ungdommar gjera uvanlege ting. Ein gjeng unge menn frå Rjukan sto for ein av krigens mest vellykka sabotasjeaksjonar, då dei slo til mot tungtvassproduksjonen på Vemork i februar 1943.

Under aksjonen fekk dei bruk for alt dei hadde av fysisk form og friluftskunnskap. Dei måtte overleva på Hardangervidda i skrinne vintermånader mens dei venta på klarsignal og forsterkingar frå England, og etter vel utført aksjon venta ein tre vekers skitur til Sverige, eller nye månader på vidda.

Seinare skreiv ein av karane om opplevingane i årboka til Turistforeningen, og kalla det heile for "ein uvanleg vinterferie".

I dag byr Jon Haukåssveen turistar med på sjarmøretappen av turen som sabotørane gjekk. Jon er naturvegleiar, og kombinerer naturopplevingane med historie når han tek folk med i sabotørane sine fotspor.

- Me må ikkje gløyma innsatsen desse karane gjorde, og ei vandring i ein liten del av deira fotspor er ein god måte å halda historia levande på. Kanskje blir ein del av våre kvardagsproblem sett i ein nytt lys når ein tenkjer på kva desse unge mennene måtte gjennom då det vart krevd av dei, undrar Jon.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)