Hopp til innhold

Falsk tryggheit for østerselskarar

I Noreg finst det kun offisielle algegiftvarsel for ein type skjel, nemleg blåskjel. For østers har ein gått ut frå at dei er giftfrie samtidig som blåskjela når dei veks på same plassen og et dei same algane. Men den gang ei…

Lars Johan Naustvoll og Monika Blikås med østers
Foto: Thomas Hellum / NRK

Det høyrest skremmande ut – og er det også. I ein ny studie som samanliknar inntak og opphoping av algegifter i blåskjel og østers på same lokalitet, blir det avdekka til dels store avvik. Østersen kan vere full av gift sjølv om blåskjela er friskmelde og etande.

Overraskande resultat

- Det finst 6 hovudgrupper av algegifter. Ein av desse typane kan hope seg enormt opp i østers, sjølv om den ikkje gir særleg utslag på blåskjel, forklarar forskar Lars Johan Naustvoll ved Havforskingsinstituttets stasjon i Flødevigen.

I eitt år har han samanlikna skjelas opptak av ulike algegifter, og er overraska over skilnadane. No skal han forske meir på korleis blåskjel og østers et og fordøyer algar.

Andre skjel i det blå

Korleis er det så med andre populære matskjel, som kamskjel og hjarteskjel?

- Det veit vi ikkje noko om, her må det også forskast for å finne ut når dei er giftfrie og ikkje, seier Naustvoll. Han samarbeider med Mattilsynet, som er ansvarleg for det offisielle blåskjelvarselet.

- Vi håpar det etterkvart blir oppretta eigne giftvarsel for andre matskjel også, så folk unngår å bli forgifta når dei skal nyte havets delikatesser, avsluttar Naustvoll.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)