Sad Alawak

OFFER FOR GRANATANGREP: Sad Alawak blei skada i eit granatangrep i Syria i 2014. Fyrst nesten to år etter han kom til Noreg, fekk han kome til ein lege som kunne vurdere skadane.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Sad må leve med kroppen full av splintar

BERGEN (NRK): Syriske krigsoffer har blitt ei ny utfordring for norske sjukehus. For Sad Alawak (33) blei ventinga på helsehjelp det verste.

Det er november 2014, og Sad Alawak er på veg til jobb i byen Deir ez-Zor, aust i Syria. I frisørsalongen har han klipt fleire kundar enn han har tal på.

Men denne dagen når han ikkje dit.

På veg ned ein av gatene i byen, slår ein granat ned. Fleire splintar trenger seg inn i Alawaks kropp. I armen, magen og i beina.

– Eg hadde blod overalt, fortel 33-åringen.

Granaten kom frå åssida, av regjeringsstyrkane som kjempar om byen. Alawak går 30 meter før han fell. Han hugsar berre at ein ambulanse tar han med.

På sjukehuset får han førstehjelp, men det finst ikkje legar som kan operere. Sjukepleiarane får berre ut det største splinten, som sit i magen.

Kort tid etter flyktar han til Tyrkia, og så vidare til Noreg. Han vil til eit land der han kan få legehjelp. Han vil ha splintane ut.

Arr etter granatsplintar
Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK
Sad Alawak blei skada i eit granatangrep i Syria hausten 2014. Framleis er arra tydlege etter splintane som trengte inn i armen, magen og beinet.

Fekk ikkje legehjelp

Eit knapt år etter granatangrepet, kjem Sad Alawak til eit asylmottak på Vestlandet. Der spør han om han kan få hjelp til å få splintane ut av kroppen.

Ifølgje Alawak får han beskjed om at han må vente til han fått opphald.

– Eg spurte om eg kunne få ein operasjon for skadane i handa mi, men dei svarte at ein operasjon var dyrt, og at eg fekk spørje igjen når eg hadde fått opphald, seier Alawak.

Mottaksleiaren seier ho ikkje hugsar ei slik samtale, og at ho tvilar på at ho kan ha sagt det slik.

– Vi var forsiktige og gav ikkje råd om helse, sidan det er ei oppgåve for den kommunale helsetenesta, seier ho til NRK.

Som asylsøkar har Sad Alawak rett på helsehjelp, til dømes å gå til lege, sjukehus og å få nokre typar medisinar. Men systemet blei for vanskeleg å finne fram i sjølv.

– Skadar lik dei 22. juli

Oberstløytnant Petter Iversen er sjef for avdeling for krigskirurgi og akuttmedisin i Forsvarets sanitet. Dei siste åra har han sett fleire pasientar frå Syria kome til Ullevål universitetssykehus med splintskadar.

Skadar ein i Noreg ikkje har opplevd i eit slikt omfang sidan terroråtaka i 2011.

– Mange av dei som blei skadde på Utøya og i regjeringskvartalet, fekk skadar vi vanlegvis ser i krig, med splint- og prosjektilskadar, seier Iversen.

Oberstløytnant Petter Iversen

TRAUME: Menneske som har blitt skada i slike angrep, kan også få mentale traume, seier oberstløytnant i Forsvarets sanitet, Petter Iversen. Han har sett fleire syriske pasientar som kjem med splintskadar etter lang tid.

Foto: Forsvarets sanitet

No ser han dei same skadane hos flyktningar frå borgarkrigen i Syria.

– Syrarar kjem med skadar vi i Noreg berre kan samanlikne med dei vi såg 22. juli, konstaterer oberstløytnanten.

Mange av pasientane frå Syria har hatt splintane i kroppen i lang tid.

– Då er det ofte ikkje hensiktsmessig å operere, med mindre det er infeksjon, eller splintane påverkar strukturar eller funksjonar i kroppen, forklarar Iversen.

– Ein fjernar ikkje splintar berre for å fjerne dei. Ofte kan resultatet bli dårleg, mellom anna fordi dei kan ha grodd inn i vevet og danna arrvev, slik at det blir vanskeleg å unngå ytterlegare vevsskade ved ny kirurgi. Difor ser vi det an frå gong til gong, forklarar han.

Sjefskirurgen understrekar at det kan vere tungt for pasientane å måtte leve med splintane.

– Mange av pasientane opplever det å ha splintar i kroppen som ei psykisk belastning, fortel Iversen.

For Sad Alawak var det tøft å måtte vente på å få svar på kva splintane hadde gjort med kroppen hans.

– Enormt mange skadde

Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress har sett i gang ei kartlegging av flyktningar si helse, men det finnast i dag ingen nasjonale tal på kor mange som kjem til Noreg med krigsskadar.

Morten Rostrup.

SPLINTSKADAR: Lege Morten Rostrup i Leger Uten Grenser har jobba i Syria, og seier splinter i kroppen er blant skadane han har sett mykje av.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

NRK har kontakta UDI, Folkehelseinstituttet, dei regionale helseføretaka og Norsk pasientregister, men ingen har statistikk.

Dei som kjenner situasjonen i Syria, kjenner att skadane Alawak fortel om. Ein av dei er lege Morten Rostrup, som har arbeidd for Leger Uten Grenser i Syria.

– Det er enormt mange som har blitt skadde i borgarkrigen, både i krigshandlingar, men også av miner og andre eksplosiv som ligg att i ruinane, fortel han.

Leger Uten Grenser er berre til stades i delar av Syria. Dei støttar nettverk av helsearbeidarar rundt om i landet, men har ikkje detaljkunnskap om tilhøva alle stader.

– Dei mest alvorlege splintskadane ser vi hos dei som har fått splinter i magen eller hovudet. Ein del av dei overlever ikkje. Folk som har fått splinter i armar og bein, overlever som oftast, men kan få problem i ettertid, seier Rostrup.

Legehjelp er ofte vanskeleg å få tak i, både for dei som blir skadde og for pasientar som lir av kroniske sjukdomar, ifølgje Leger Uten Grenser.

– Mange stader er det vanskelege forhold for kirurgi, men syriske legar gjer ein heroisk innsats, seier Rostrup.

Sa Alawak

VENTETID: Sad Alawak seier det var vanskeleg å vente så lenge på svar om ein operasjon kunne gjerne handa og beinet bra igjen.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Får svaret på Haukeland

I 2017 får Sad Alawak positivt svar på asylsøknaden. Nesten to år etter at han kom til Noreg, får han tildelt ein fastlege og bestiller time. Fastlegen sender han så til undersøking på Haukeland universitetssjukehus.

– Skadane er smertefulle. Det har vore tungt å vente i to år på å få svar, fortel Alawak.

Han kan ikkje gå like raskt som han kunne før, og handa klarer ikkje halde ei saks. Han vil gjerne vite om den kan bli bra igjen, slik at han kan kome i arbeid.

På Haukeland får han svaret. Det er for seint å ta ut splintane. Det måtte skjedd i vekene etter granatangrepet, lenge før han kom til Noreg.

– Då brast håpet mitt om at handa skulle bli bra igjen, fortel Alawak.

Jon Ole Martinsen

LIKE RETTAR: Seniorrådgjevar i NOAS, Jon Ole Martinsen, meiner det er viktig at asylsøkarar får god informasjon om kva helserettar dei har i Noreg.

Foto: ANDREA KLUGE / NRK

Men legane seier også at det ikkje var farleg for han å ha splintane i kroppen.

Kameraten som er med han til Haukeland, er mest av alt letta. Han hadde vore uroleg for at splintane kunne vandre gjennom kroppen og til hjartet.

– Viktig med god informasjon

Norsk organisasjon for asylsøkarar (NOAS) seier dei kjenner til fleire andre historier der asylsøkarar av ulike årsaker har fått legehjelp seint.

– Asylsøkaren kan ta kontakt med fastlegen, men så kjem det ein del praktiske utfordringar. Som språk, og det å finne fram i det norske samfunnet. Då er det viktig at tilsette på mottak har tilstrekkeleg kompetanse, slik at asylsøkarar som treng det får legehjelp, seier seniorrådgjevar Jon Ole Martinsen.

Vidar Torheim

KOMPETANSE: Konserndirektør i Hero Norge, Vidar Torheim, seier deira tilsette får god opplæring i kva helserettar asylsøkarar har, men understrekar at helsehjelp er ei kommunal oppgåve.

Foto: Stundom Productions AS

Konserndirektør Vidar Torheim i Hero Norge, som eigde det no nedlagde mottaket som Sad Alawak budde på, understrekar at helsehjelp er ei kommunal oppgåve.

– Veldig hurtig etter asylsøkarar kjem til mottaka, får dei time for helseundersøking. Då kan bebuaren sjølv fortelje om helsebehov dei har. Det blei varetatt på dette mottaket, seier Torheim.

Han seier tilsette på deira mottak får god opplæring i rettane asylsøkarar har. Han trur difor at det i Sad Alawak sitt tilfelle kan ha vore snakk om ei rein misforståing.

Jon Ole Martinsen i NOAS seier at deira inntrykk også er at dei alle fleste tilsette på mottak har god kompetanse om det norske helsevesenet.

– Men det finnast tilfelle der det sviktar, seier Martinsen.

Held på frisørdraumen

Fingrane på handa som klipte kunde etter kunde i farens frisørsalong i Syria, lystrar ikkje lenger. Etter undersøkinga på Haukeland, har Sad Alawak kjent på sinne over at legane ikkje kan gjere noko.

– Legar kan operere hjarte og hjernar, men ikkje fjerne desse splintane, sukkar han.

På vaksenopplæringa i Bergen har Sad Alawak lært seg å skrive med venstrehanda. Men å klippe, det klarer han ikkje. Likevel håpar han ein gong å kunne opne eigen salong i den nye heimbyen.

– Eg likar meg her, og har fått vener. Kanskje kan eg drive ein frisørsalong, vere sjef, smiler han.

Sad Alawak i ein frisørsalong i Bergen

FRISØR: Sjølv om han ikkje kan klippe lenger, vil Alawak gjerne halde fram i bransjen han vaks opp i.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK