Hopp til innhold

Stoppar millionkutt i hjelp til ungdom

Utekontakten i Bergen får tilbake millionane det førre byrådet kutta i budsjettet. Den tidlegare byrådsleiaren lurer på kvar pengane blir henta frå.

Helsebyråd Rebekka Ljosland og leiar i Utekontakten Joakim Bjerkvik i Bergen

FÅR TILBAKE TRE MILLIONAR: Helsebyråd Rebekka Ljosland (KrF) reverserer kutta det førre byrådet foreslo til Utekontakt i Bergen. Det er konstituert leiar Joakim Bjerkvik nøgd med.

Foto: Sølve Rydland / NRK

I forslaget til bybudsjett gjekk det førre byrådet inn for å kutta tre millionar kroner i utbetalingane til Utekontakten i Bergen.

Det ville fått store konsekvensar for feltarbeidarane som kvar dag oppsøker barn og unge i ein utsett situasjon.

– Vi ser ungdom som strevar med ulike problem, og vi ser dei tidlegare enn mange andre, seier konstituert leiar Joakim Bjerkvik.

Etter at det førre byrådet la fram budsjettet, såg han at dei låg an til å måtte kvitte seg med fire av dei som driv oppsøkande arbeid ute blant ungdom i byen.

– Det hadde vore dramatisk. Men det ville først og fram ramma dei utsette ungdommane vi jobbar med.

Førebygging

Byråd for helse og omsorg, Rebekka Ljosland (KrF), meiner det er meir aktuelt enn nokon gong å ha følarar ute der unge ferdast. Difor har ho reversert kuttforslaget.

– Det er så viktig å førebyggje, for då får barna det betre der og då. Anten det gjeld rus eller psykiatri. Og vi veit at flyktningsituasjonen er heilt prekær, seier Ljosland.

Lurer på kvar dei tek pengane frå

Tidlegare byrådsleiar Martin Smith-Sivertsen, som no er gruppeleiar for Høgre i bystyret, har fått med seg av mange av kuttforslaga til det førre byrådet no vert reversert.

Innan kultur, kommunal bustøtte, idrett og no overføringane til Utekontakten, vert endringar stroke ut.

– Eg er spent på kvar dei skal ta pengane frå. Eg fryktar dei berre utset naudsynte prioriteringar. Det blir ikkje meir pengar, du må berre betale rekninga seinare, seier Smith-Sivertsen.

Han fryktar no at det nye byrådet vil bruka meir pengar.

– Viss ein berre fjernar kutta, så prioriterer ein ikkje. Eg fryktar at ein ikkje aukar betalinga av avdrag, og då blir gjeldsveksten større. Og då blir det større belastning med å betale renter seinare, åtvarar Smith-Sivertsen.

Martin Smith-Sivertsen

SKEPTISK: Gruppeleiar for Høgre, Martin Smith-Sivertsen, lurer på kvar det nye byrådet har funne pengane til å reversera kuttforslaga han og resten av det førre byrådet kom med.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Treng meir pengar

Helsebyråden meiner det er svært lite langsiktig å kutta førebyggande arbeid blant unge.

– Eg føler meg sikker på at det ville hatt dårlege økonomiske konsekvensar på sikt, og ikkje minst store konsekvensar for barn og unge som er utsett, seier Rebekka Ljosland.

Joakim Bjerkvik i Utekontakten er no glad for å kunna fortelja dei tilsette at det er arbeid til dei etter nyttår – men er klar på at reversering av kuttforslaga ikkje gjer Utekontakten i stand til å auka aktiviteten.

– Det er ikkje til å legge skjul på at det er stort press på tenestene våre. Så vi håpar i neste omgang at vi får auka ressursar, seier han.