Hopp til innhold

Stoppar kutt i kommunal bustøtte

Med det får over eitt tusen familiar i Bergen framleis hjelp til å betale husleiga.

Erlend Horn

BUSTØTTE FOR 2016: Byråd for sosial, bustad og inkludering, Erlend Horn (V), er klar på at kutta i bustøtteordninga ikkje vil skje komande år. Byrådet vil legga fram ei ny sak der ein ser på ordninga.

Foto: Jo Straube / Venstre

I forslaget til budsjett for 2016 ville det førre byrådet kutte i bustøtteordninga for å spara 17 millionar kroner.

Sidan ein rekna med at sosialhjelpsutgiftene ville auka med 7 millionar som ein direkte konsekvens av dette, vart den reelle innsparinga 10 millionar.

Vil ikke garantere at det blir varig

No vil sosialbyråd Erlend Horn fjerna kuttet, som hadde gjort at 1017 husstandar hadde mista bustøtta.

– Me flyttar no tilbake dei 17 millionane og reverserer slik kuttet, seier Horn.

Men han vil ikkje garantera for at ordninga vert av varig karakter.

– Me vil legga fram ei sak som evaluerar ordninga. Me byrjar med blanke ark og skal ta ein grundig gjennomgang, for dette er eit komplekst område, seier Horn.

Det er venta at utgiftene til den kommunale bustøtta vil stiga kraftig i åra som kjem. Utgreiingar har tidlegare vist at fleire med relativt normal økonomi har nytt godt av ordninga. På den andre sida ville mange ha vorte sosialklientar om kuttet hadde vorte gjennomført.

– Grotesk politikk

Aksjonsgruppa mot sosial nød i Bergen er glad byrådet har valt å snu, fordi ordninga er svært viktig, meiner dei.

– Det er grotesk å drive ein politikk som tvingar fleire over på sosialhjelp, så det er bra om dei tar til fornuft, seier Bente Marianne Simonsen som sjølv levde på sosialhjelp i mange år.

Forslaget om at fleire skulle få sosialhjelp i staden for bustøtte er dårleg politikk, meiner ho.

– Me veit at det er mange barnefamiliar som slit om dagen, at fleire skal verta sosialhjelpsmottakarar er meiningslaust.

Vil bevara ordninga

SVs Mikkel Grüner er glad for at byrådet tar affære.

– Det er svært viktig for oss å redda bustøtta. Ikkje nødvendigvis slik den er i dag, men at me har gode og treffsikre ordningar for desse gruppene.

Mikkel Grüner

FOR BUSTØTTE: Mikkel Grüner (SV) meiner ordninga med bustøtte må haldast oppe i ein eller annan form.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Må kutta i noko

Jana Midelfart Hoff frå Høgre er fornøgd med at byrådet ikkje fredar ordninga for godt.

– Dette er eit vanskeleg felt, men det kjem til å komma store utfordringar i åra som kjem, med auka omstilling og auka arbeidsløyse, seier Høgre-politikar Jana Middelfart Hoff

Difor er ho redd for at ordninga med bustøtte kan måtte komma til å vika.

– Per i dag ligg Bergen over andre byar som ein kan samanliknast med. Me har hatt ekstraordningar som har vore gode, men som truleg ikkje er berekraftige lenger.

– Me må skåna dei aller svakaste, men nokon kutt kjem det til å bli, slår ho fast.

Jana Middelfart Hoff

SKEPTISK: Jana Middelfart Hoff (H) trur ikkje det er rom i bergensøkonomien for bustøtteordninga slik ho er i dag.

Foto: Sølve Rydland