Hopp til innhold

Meir vald og narkosal midt i Bergen sentrum: – Utviklinga er svært negativ

VÅGSBUNNEN (NRK): Kirkens Bymisjon opnar for å flytta møtestad for rusavhengige ut frå Bergen sentrum. – Kan bli vanskeleg å finna nye lokale, seier sosialbyråd.

Hollendergaten Vågsbunnen Bergen sentrum Møtestedet Kirkens Bymisjon russcene

VALD OG NARKOSAL: Politiet har stadig oftare dei siste månadane rykka ut til Hollendergaten ved Vågsbunnen i Bergen sentrum, like bak Torget. Då NRK var på staden torsdag ettermiddag, hadde mange samla seg i gata der Kirkens Bymisjons «Møtestedet» ligg.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Utviklinga med ordensforstyrring og dealing av dop har vore svært negativ, seier politioverbetjent Roger Olsen til NRK.

I 2014 blei stengde kommunen Nygårdsparken, omtala som Nordens største opne russcene. Fleire frykta narkomiljøet og valden ville flytta seg til sentrumskjernen i Bergen, og dåverande sosialbyråd bad Kirkens Bymisjon flytta frå Vågsbunnen, fordi rusavhengige- og seljarar samla seg i gata utanfor tiltaket «Møtestedet».

Auka politiinnsats bidrog imidlertid til at det ikkje blei nokon ny stor narkomarknad den første tida. Men no er det nettopp ei ny russcene som er i ferd med å utvikla seg, seier overbetjent Olsen, som leiar Vest politidistrikt si innsatsgruppe mot opne russcener.

Politiet har dei siste månadane fått fleire og fleire meldingar om vald, narkotikasal og uro.

Til BA sa Olsen nyleg at innsatsgruppa ikkje lenger har dei same ressursane til å stoppa utviklinga.

– Me må verna og stilla krav til rusmisbrukarane, men også ta omsyn til nærområdet sine behov og bekymringar, seier overbetjenten til NRK.

Byråd Erlend Horn (t.v.), politioverbetjent Roger Olsen og Kirkens Bymisjons Arne Liljedahl Lynngård

VURDERER FLYTTING: Sosialbyråd Erlend Horn (t.v.) ber dagleg leder Arne Liljedahl Lynngård (t.h.) i Kirkens Bymisjon flytta lågterskeltilbodet Møteplassen frå Hollendergaten. Her med politioverbetjent Roger Olsen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Treng straks større innsats

Onsdag møtte politiet Bergen kommune og Kirkens Bymisjon, for å finna ut korleis situasjonen for naboar, næringsdrivande, turistar og rusmisbrukarar kan verta betre.

– Me er samde om at me straks treng å vera meir til stades og ha større innsats i gata, seier sosialbyråd Erlend Horn (V).

Han gjentek synspunktet til sin sosialbyrådforgjengar Eiler Macody Lund (Frp), og seier han på sikt vil ha bymisjonens «Møtestedet» vekk frå Vågsbunnen.

– Både inne i og utanfor lokala deira er det vanskeleg å driva godt sosialfagleg arbeid. Over sommaren skal me diskutera alternativ plassering, seier Horn.

vågsbunnen

Har blitt bedne om å flytta før

Horn fryktar imidlertid det kan bli vanskeleg å finna nye lokale, fordi få vil ha slike lågterskeltilbod som leigetakarar og naboar. Bergen har dermed liknande utfordringar som i sentrum av Oslo.

– Det er ei uheldig opphoping av lågterskeltilbod. Me ønsker å flytta tilboda ut i bydelane der dei rusavhengige bur, har helsebyråd Tone Tellevik Dahl (Ap) uttala til Dagsavisen.

Dei daglege leiarane i Kirkens Bymisjon i Trondheim og Stavanger seier dei ikkje har hatt flyttedebattar der. Og Kirkens Bymisjon sentralt kan ikkje bekrefte eller gje eksemplar på at tilboda deira blir tvungne på flyttefot.

– Lokaliseringsdiskusjonar er ikkje ukjende for oss. Men me har gode erfaringar med å finna løysingar saman, som tar omsyn til nærmiljø og menneska me arbeider for, seier assisterande generalsekretær Johannes Heggland.

Politiet i Vågsbunnen i Bergen

VALD OG NARKOSAL: Politiet har stadig oftare dei siste månadane rykka ut til Vågsbunnen i Bergen sentrum, like bak Torget. I Hollendergaten, bak politibilen, ligg Kirkens Bymisjons «Møtestedet».

Foto: Sindre Helgheim / NRK

Bymisjonen avviser ikkje flytting

Dagleg leiar Arne Liljedahl Lynngård i Kirkens Bymisjon Bergen meiner folk må akseptera å sjå rusavhengige i sentrum av byen. Men på møtet onsdag lova han byråden og politiet at bymisjonen vil prøva å vera synlegare i gata og ha dialog med rusavhengige.

– Me ønsker å hjelpa dei rusavhengige, og me treng hjelp frå dei til å skapa eit best mogleg nabolag, seier Lynngård.

Han avviser ikkje å flytta «Møtestedet» frå gata mellom Vågsbunnen og Torget.

– Hollendergaten er smal, og lokalet vårt er trongt. Me treng meir plass, og er innstilt på å leita etter ei betre plassering, seier Lynngård.