Meir samarbeid og mindre fokus på konfliktar i nord. Det er forskaren Jakub Godzimirski sin konklusjon av russisk politikk i Arktis.
Årsaka er åpenbar, meiner forskaren: Russland og Vesten har felles interesser i området.
Godzimirski, som er tilsett ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI), har jobba med russisk utanriks- og tryggleikspolitikk i over 20 år.
Opnar for samarbeidsprosjekt
Onsdag blei det kjent at russiske Lukoil har fått løyve til oljeleiting på norsk sokkel, saman med mellom anna Statoil og Det Norske. Det opnar for større samarbeidsprosjekt med naboen i aust, seier ordførar i Sør-Varanger, Rune Rafaelsen:
– Ein møter jo da den russiske naboen. Her har vi moglegheiter til store samarbeidsprosjekt. Russland er ein partnar i nord, og dette blir nok krevjande, men også veldig interessant.
Rafaelsen trur dette vil ha mykje å seie for det norsk-russiske samarbeidet.
– Vi har samarbeida om fiskeriforvaltning i snart 100 år, og vi har hatt eit Barents-samarbeid i snart 25 år. Om vi kan få til store industrielle samarbeidsprosjekt i nord, så trur eg det i seg sjølv vil vere eit fredsprosjekt, seier ordføraren.
– Grunn til å vere optimistisk
NUPI-forskaren meiner det definitivt ikkje er nokon grunn til å frykte at jakta på rikdommar i nord skal ende med ein ytterlegare tilspissa situasjon.
– Sett frå eit russisk ståstad, så reknar ein med at Russland prøver å skjerme det som skjer i Arktis frå andre utviklingsprosjekt som har prega Russland sitt forhold til Vesten. Ein har også lang erfaring frå energisamarbeid mellom norske og russiske partnarar. Det kan også vere ein grunn til å vere optimistisk her, seier Godzimirski.
Utfordringane i nord vil derimot vere av ein heilt annan karakter, meiner han.
– Det er først og fremst snakk om økonomiske utfordringar, for ein må først få kartlagt ressursane. Så må vi ha ein marknadssituasjon som opnar for at dei kan bli utvinna med gevinst.
Forskaren går langt i å hevde at ein aust/vest-konflikt er betydeleg overdrive i media, på begge sidene av grensa. I russisk media er det mykje fokus på konfliktar, meiner Godzimirski.
– Samtidig må ein hugse at media er opptekne av det som er spektakulært.
Ein ting er forskaren overbevist om:
– Kvar kontakt mellom norske og russiske avgjerdstakarar kan virke dempande.