Hopp til innhold

Skift arbeid!

Opp med handa alle som tok høgde for at helgeturnusen kunne kollidera med barna si fotballturnering då dei valde seg yrke.

Sykepleier

I rekrutteringskampanjane til sjukepleiaryrket står det fint lite om konsekvensane skiftarbeid har for helsa, skriv valgspaltist Ingebjørn Bleie.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Ytring valgkronikk

Dei er «englar i kvitt». Dei kjempar mot Norges kanskje mest usympatiske arbeidsgjevarforeining. Likevel slit sjukepleiarane tilsynelatande med å få forståing for noko så opplagt som at jobbing annakvar helg går ut over livskvaliteten og familielivet.

Det stendige maset om vaktbelastning, helger, oversette born, sure ektefeller og for lite kompensasjon er trøyttande. Frå arbeidsgjevarsida og diffuse deler av folkedjupet kjem det både peikefingrar og skuldertrekk med formaningar om at «slik er det berre» og «det visste ein då ein starta på utdanninga». Spørsmålet er om både vordande skiftarbeidarar og alle andre er fullt ut klar over kva eit slikt arbeidsliv inneber.

Kreft, abort og slag

Kor mange studie- og karriererådgjevarar er det som går i detalj på kor mange barn du har sett for deg å få? Om du er villig til å gå ned i stilling for å kunna følgja dei opp? Om du ynskjer eit yrke som krev at partnaren din til kvar tid må setja sin jobb i andre rekkje fordi du støtt og stadig skal ut og redda liv, styra eit fly, fiska fisk, stella dei sjuke, servera øl, pumpa olje eller fanga tjuvar?

Kor mange studie- og karriererådgjevarar er det som går i detalj på kor mange barn du har sett for deg å få?

Ingebjørn Bleidvin, turnuslege

Dei praktiske problema er berre ei side av saka. I rekrutteringskampanjane til sjukepleiaryrket står det fint lite om konsekvensane skiftarbeid har for helsa. Studiar tyder på at du vil ha 40 % auka risiko for slag og 50 % auka risiko for diabetes. Om du no enn hjelper gamle Ivar på do klokka to fordi prostataen hans skapar seg, eller serverar drinkar til bygdebermen på puben klokka tre om natta, vil mangeårig skiftarbeid truleg gje større fare for både magesår, brystkreft, abort og nedsett fruktbarheit enn den vanlege åtte til fire-dagen

FRAMLEIS USIKKER? Ta NRKs valgomat!

Fagforeiningsmafia

Alt dette gjeld sjølvsagt ikkje berre sjukepleiarar. Åtte hundre tusen personar, rundt ein tredel av norske arbeidstakarar, jobbar i større eller mindre grad utanfor 06–18 på kvardagar. Skiftarbeid blir gradvis meir vanleg, og den jamne kontorarbeidar er allereie tilgjengeleg for arbeidsgjevar nærmast til kvar tid via smarttelefonen.

Arbeidsmiljølova er ei politisk støysone, der partia verkeleg gjer sitt verste for å svartmåla vrengjebiletet av motstandaren. Dei blå går heilhjarta inn for sosial dumping og utnytting av dei svakaste arbeidstakarane. Dei raude legg si vernande hand over ein jobbdrepande og grunderkvelande fagforeniningsmafia på Youngstorget. Dei reelle forskjellane er sjølvsagt meir nyanserte, men ikkje desto mindre viktige.

Arbeidsmiljølova er ei politisk støysone, der partia verkeleg gjer sitt verste for å svartmåla vrengebiletet av motstandaren.

Ingebjørn Bleidvin, turnuslege

Arbeidsmiljølova er rigid, men likevel fleksibel, fordi fagforeiningane kan godkjenna søknader om unntak frå lova. Langt dei fleste søknader vert innvilga, sjølv om enkelte einfaldige fagforeiningar har stikke kjeppar i hjula for populære og effektive turnusordningar. Ordninga gir mykje makt til fagforeiningane. Dei blå vil flytta denne makta vekk gjennom å bygga inn fleksibiliteten i sjølve lova.

Dette er musikk i øyra for alle som er lei av allmektige LO-leiarar og evige, håplause prosjekt for å få turnusplanane til å gå opp. Det er likevel verdt å hugsa på sterke fagforeiningar med brei støtte og legitimitet blant arbeidstakarane er svært viktig for det eventyrleg suksessfulle norske trepartsamarbeidet. Å ta makt vekk frå dei gjer dei mindre slagkraftige og mindre relevante å vera medlem i.

FØLG VALKAMPEN: NRKValg på Twitter og Facebook.

Artikkelen held fram under biletet.

Sykepleier hanske
Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Hoggestabbe

Leiar i arbeidsgjevarforeininga Spekter, Anne-Kari Bratten, er den som har gått hardast ut mot sjukepleiarane sine arbeidstidskrav. Ho jobbar utvilsamt beinhardt sjølv. Men ho har ein fleksibel sjefsjobb, der ho etter eige utsegn kan gå heim klokka tre og vera familiemenneske på ettermiddagen, og heller gjera unna ein del arbeid på kvelden.

For hundretusenvis av norske arbeidstakarar i industrien, varehandelen og omsorgssektoren er dette umogeleg. Ein kan ikkje gå tidleg frå sjukeheimen og så koma tilbake etter barne-tv for å dela ut medisin. Førskulelæraren kan ikkje koma heim til foreldra på kveldstid og vera barnevakt dersom ho har noko anna ho skulle gjort på dagtid. Skal du sveisa eit skrog, legga asfalt eller servera mat er du avhengig av kollegaer som er der når du er der. Då vert arbeidstidsfastleggingane heilt avgjerande for kvardagen din.

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter.

Frontfaget

Mange har prøvd å bagatellisera saka ved å visa til at for eksempel sjukepleiarar flest er fornøgde med jobbane sine og at dei har mykje betre lønn og mindre belastning enn i til dømes Sverige. Ein kunne like godt bedt oljearbeidarane i Nordsjøen samanlikna seg med Nigeria. Sverige, eller for den saks skuld resten av verda, er sjeldan ein alternativ arbeidsmarknad for dei fleste nordmenn. Når ein driven intensivsjukepleiar med fem års utdanning og fleire års erfaring skiftar jobb for heller å måla blodtrykket til militærrekruttar, ganske enkelt fordi turnusen var heilt drepen, tapar me alle. Ti–femten tusen sjukepleiarar jobbar i dag utanfor helse- og omsorgssektoren.

Ein kan ikkje gå tidleg frå sjukeheimen og så koma tilbake etter barne-tv for å dela ut medisin.

Ingebjørn Bleidvin, turnuslege

Sjukepleiarforbundet er blant dei som tek grovarbeidet med å forsvara arbeidsmiljølova, samtidig som arbeidsgjevarane prøver å bruka dei som brekkstong for å demontera dagens ordning. Mange kan koma til å skulda forbundet takk. I Norge er det frontfaga, det vil seia eksportindustrien, som bestemmer kva alle andre skal i lønsauke. Sjukepleiarane kan fort få ei tilsvarande rolle når det gjeld arbeidsvilkår. Det som vert daglegdags for hundre tusen personar set utvilsamt presedens, og vil snart kunna gjelda mange andre.