Hopp til innhold
Kronikk

Alle mann på ein gong-retten

Den norske flokkferien er ein gedigen fiasko.

Gunnar Garfors på fjellet i Narvik.

Truslane mot allemannsretten kjem frå to kantar: Om ikkje vi brukar eit tilbod så forsvinn det. Og med overforbruk vert det passé, skriv kronikkforfattaren.

Foto: Gunnar Garfors

I fjor sommar undra eg meg over i kor stor grad nordmenn reiser til akkurat dei same stadene på Noregs-ferie, og at vi oppfører oss som bortskjemte dritungar med VIP-billett.

Sidan den gong har eg reist lengre i Noreg enn rundt ekvator for å utforske og skrive bok om spektakulære reisemål bortom allfarveg. Eg har treft hundrevis av spennande menneske med fantastiske historier frå bortgøymde plassar.

Mange av dei fryktar ei privatisering av noko av det mest unike vi har i Noreg: allemannsretten.

Snart kjem berre milliardærane med privatyacht og helikopter seg til den ytste øy.

Men: På våre mest berømte turistdestinasjonar bør allemannsretten innskrenkast.

For pandemi eller ei, vi reiser stadig meir i eige land. Mange av oss for å sjølv ta eit fåtal verdskjende norske naturattraksjonar i augesyn. Litt rart, kanskje, å stå i kø for å sjå natur i det som er eit av verdas desidert mest spektakulære naturland.

Ved Preikestolen, langs Atlanterhavsvegen og i Lofoten har det tippa over i overturisme med parkeringsproblem, slitasje på naturen, utbreitt friluftsbæsjing pluss køståing og -gåing på stiane.

I Hoddevika, ei av landets beste surfestrender, har det blitt innført avgrensingar for teltturistar etter at det vart for mange av dei.

Hoddevika

Hoddevikstranda på Ytre Stadlandet.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Og ved Trolltunga kostar det no skjorta å parkere ved næraste veg. Prising av tilgang og bruk er i strid med allemannsretten, men dekkjast av friluftslova som kommunane styrar. Det er kanskje eit naudsynt vonde så lenge mange av oss vel å reise i flokk, som sauar. Liknande forureinar betalar-prinsippet i næringslivet.

På våre mest berømte turistdestinasjonar bør allemannsretten innskrenkast.

Heldigvis er ikkje etterdiltarar spesielt kreative, så problemet oppstår vanlegvis berre i juli.

Ei naturleg løysing vert å avgrense allemannsretten i flokkdyrsamanstimlinga, meir populært kalla fellesferien.

Folk i kø på vei ut på Trolltunga

Det kan vere folksamt ved Trolltunga.

Foto: Privat

Ved hjelp av ein kombinasjon av skyhøge parkeringsavgifter, skamlause inngangspengar og eit makstak på besøkjande desse fire-fem vekene, vil sjølv den mest ihuga gruppeturisten ta hintet, og heller finne ein minst like fin, men meir ukjend stad å ta instagrambileta sine på.

Inntektene bør gå til eit fond som nyttast til å leggje til rette for berekraftig turisme over heile landet, ikkje berre ved turistmaskinane.

For allemannsretten betyr ikkje at han er meint for alle menn og alle kvinner på ein gong.

Mange av oss vel å reise i flokk, som sauar.

I grisgrendte strøk er problemet motsett, der vert allemannsretten snikprivatisert. Gjennom tilgangsreduserande rutekutt. Utan at spesielt mange bryr seg. For der både bur og reiser eit fåtal. Men på sikt vil mange av oss kunne oppleve å ikkje kome oss dit vi ønskjer i ferien.

Om ikkje fleire endrar reisevanane til å i større grad inkludere Utkant-Noreg, så byggjer vi ned distrikta og avgrensar med det kor tilgjengelege dei blir.

Gunnar Garfors på Frøya i Sogn og Fjordane.

Kronikkforfattaren på Frøya i Sogn og Fjordane, ein plass ikkje så mange reiser til.

Foto: Øystein Garfors

Med stadig færre buss-, båt- og ferjeavgangar på toppen av hyppige kutt i lokale budsjett til vedlikehald av vegar og kaier, så forvitrar både infrastruktur og reisemønster.

Labre framtidsutsikter fører til at folk sakte men sikkert flyttar frå øyar, dalar og bygder. Som ein konsekvens får vi eit meir uniformt samfunn. Det gjer landet vårt mindre attraktivt for norske så vel som utan­landske turistar.

Folk flest har ikkje privathelikopter eller -båt, og utan kollektivtilbod blir det vanskelegare å kome seg til elvar, holmar og vidder.

Når det å bu og reise sentrumsfjernter tungvint, byråkratisk og usikkert, så flyttar folk til byane. Kven skal då dyrke mat og drive med dyr for å leggje til rette for dei kortreiste matvarene vi har blitt så glade i?

I grisgrendte strøk vert allemannsretten snikprivatisert.

Eit aukande kvalitetskrav i befolkninga har heldigvis allereie fått mange til å ville betale meir til småprodusentar av mat med høgare kvalitet. Snøballen rullar. Så må han berre ikkje smelte før han blir større.

For kva er fine fjell, fjordar og skjergardar utan levande lokalsamfunn, lokale verksemder, serveringsstader og den lokale butikken?

Skrekkeksempelet finn vi så nært som i Sverige, der distrikta no er nærast folketomme, med enorme avstandar mellom kvar grend og kvart hus med lys i vindauga.

Geopolitisk er heller ikkje ei nedbygging av distrikta og tilhøyrande allemannsrett særleg langtenkt. Bjørnen søv, men kor djupt og kor lenge?

Truslane mot distrikt, allemannsrett og turisme er reell, og kjem frå to kantar: Om ikkje vi brukar eit tilbod så forsvinn det. Og med overforbruk vert det passé.

Ironisk sett har utanlandske turistar tilsynelatande forstått det før oss.

Ikkje ein gong turistar kan leve på Besseggen og Bryggen åleine. Det er mange gode grunnar til å feriere meir bortom allfarveg i Noreg. Ironisk sett har utanlandske turistar tilsynelatande forstått det før oss.

Snart kjem berre oligarkane og teknologimilliardærane seg til den ytste øy. For utan lokalrutene så trengst privatyacht eller -helikopter for å kome seg dit, og tilgang på slike fartøy er reservert nokre få.

Pandemien har vist oss at det kanskje kan vere lurt å ikkje bu så tett eller stå i kø overalt. Berre i Bygde-Noreg har det i praksis vore mogeleg å oppretthalde tilrådd avstand til kvarandre over tid.

Litt rart, kanskje, å stå i kø for å sjå natur.

Kuttinga av rutetilbod og nedprioritering av distrikta er to steg på vegen mot ei undergraving av allemannsretten, slik som overturisme - om enn på ein heilt annan måte.

Påtvunge måtehald gjennom innskrenka allemannsrett enkelte stader medverkar til dugnaden som er naudsynt for å oppretthalde eit attraktivt tilbod for alle - berre ikkje samstundes.

Geiranger er dessutan vakrast om våren, og haustfargane i Hardanger er heilt himmelske.

Dessverre må vi tukle pitte litt med allemannsretten for at han skal overleve.

Gunnar Garfors er kjend som globetrotter og reiselivsforfattar, men jobbar også i teknologidivisjonen i NRK.

Les også: