Hopp til innhold
Kronikk

Saueflokk på tur

På Noregs-ferie oppfører vi oss som bortskjemte dritungar med VIP-billett.

Illustrasjonsfoto fra Åndalsnes

Tilsynelatande er vi ikkje ute etter opplevingar på Noregs-ferie. Berre skryt, skriv kronikkforfattaren. Illustrasjonsbiletet er frå Åndalsnes.

Foto: Dmitrijs Bindemanis / Shutterstock / NTB scanpix

Alle veit korleis nordmenn ter seg i Syden. Men jammen ter vi oss som ein saueflokk i Noreg, òg.

Noregs-ferien og koronavirus har avdekka at reisearrogansen vår ikkje berre gjeld i utlandet.

Få hadde gjetta at det var ein verdsomspennande pandemi som skulle avdekke denne arrogansen.

Tilsynelatande er vi ikkje ute etter opplevingar på Noregs-ferie. Berre skryt.

At vi på Noregs-tur oppfører oss som bortskjemte dritungar med VIP-billett i ein opplevingspark.

Alle vil ta den råaste berg og dalbana og dei kulaste karusellane – igjen og igjen – utan å stå i kø. Samstundes er det kølengdene som viser kor attraktive sjølve aktivitetane er.

For som innehavarar av norske pass har vi vore blant fåtalet i verda som faktisk kunne reise utanlands.

Vi har tid, transportmogelegheiter, tilgang på vaksinar, fridom og ikkje minst pengar. Mykje pengar, i alle fall samanlikna med dei som bur på reisemåla.

Så har vi då òg nytta høvet til å både sløse og hovere.

Skandinavar på grisefylla i Hellas, med høg sigarføring på gourmetrestaurant i Spania eller utan takt, tone og humor i britisk kø.

Inntrykka vi legg att i Hellas eller Syden, bognar av arroganse.

Der pengar og pass ikkje syner tilstrekkeleg status på Noregs-tur, får jaggu Jaguar eller Tesla duge.

Det var strengt teke på høg tid at all denne reisinga vart stoppa.

Sjølv er eg globetrotter og programleiar for ein reise- og geografipodkast.

Eg har vore i alle verdas land minst to gonger, og er sterkt prega av eit tilnærma pandemisk reiseforbod.

Abstinensane er kraftige. Eg burde ha vore tungt medisinert, men tyr heller til reiser i Noreg. Verdas mest undervurderte reisemål.

Koronaviruset har synleggjort verdien av å kunne reise, oppdage og oppleve.

Når reisefridomen vart teken frå oss over natta, innsåg alle og ein kvar kva vi faktisk mista. Brått vart alle attpåtil tvinga til å feriere i eige land, blant våre eigne.

Det er hovudristande at vi på Noregs-ferie umiddelbart adopterer saueflokkmentaliteten.

Ein skulle tru vi då ville leggje frå oss arroganseuvanane heime. Men så er gjerne kulturelle skilnadar tydelegare mellom ein bydel i Oslo og Sørvær eller Tolga samanlikna med Noreg og Taiwan eller Paraguay. Det skjønar vi umedvitne.

Så der pengar og pass ikkje syner tilstrekkeleg status på Noregs-tur, så får jaggu Jaguar eller Tesla duge. Skjønt somme tider må det supplerast med svarte Hunter-gummistøvlar, Ralph Lauren-poloskjorter og beige bukser.

Sauebonde Marianne Dolpen etterlyste i sommar det sunne bondevitet, men det har vi i tiår droppa å ta med i utanlandsbagasjen.

At vi heller ikkje hugsar bondevitet innanlands, er knappast overraskande.

Det er likevel hovudristande at vi på Noregs-ferie umiddelbart adopterer saueflokkmentaliteten og valfartar i kø til Lofoten, Geiranger og Preikestolen.

Eig vi ikkje fantasi?

Kart har vi dessutan slutta med. Bortsett frå digitale versjonar som styrast av algoritmar, annonsørar og brukargenerert ris og ros – med tilhøyrande stjernekarakterar.

Det hjelper heller ikkje at vi let oss fjernstyre av dei vi ikkje er på reise med, dei som berre gjev tomlar opp dersom dei ser noko dei kjenner att.

For ikkje å snakke om dei supersjarmerande øyane Myken med verdas nest nordlegaste whiskydestilleri.

Eg kan garantere at «dommarane» på sosiale medium ikkje har utforska magiske Ofoten (som i Lofoten utan bokstaven L for Lange køar), navigert rundt øyane i Værlandet og Bulandet (Noregs nærast folketomme svar på Venezia) eller ete reinsdyrkjøt på vidda mellom Karasjok og Kautokeino.

For ikkje å snakke om dei supersjarmerande øyane Myken med verdas nest nordlegaste whiskydestilleri, tangmekkaet Selvær eller det nedlagde fiskeværet Meløyvær med ni fastbuande og eigen pub.

Noreg er større enn Tyskland, Japan og Filippinane.

Vi har 104 byar, 356 kommunar, nesten 1 800 fjordar, over 13 000 fjelltoppar i tillegg til 320 000 øyar og skjær.

Ekstremmangfaldet hindrar oss ikkje frå å stimle saman på nokre få stader der vi konkurrerer om å ta dei finaste bileta og videoklippa.

Så får vi heller fjerne alle dei andre folka i eit biletredigeringsprogram før vi publiserer.

Tilsynelatande er vi ikkje ute etter opplevingar på Noregs-ferie. Berre skryt.

I uvare la eg sjølv ut eit bilete av Eiffeltårnet på Instagram.

Og Trolltunga, Trollstigen eller Trollpikken gjev fleire tilbakemeldingar enn ørne- og øysafari på Smøla, kanotur via småvatn og kanalar mellom Rogen og Femunden eller briljante Bøstranda med karakteristiske Kråkeslottet på Senja, øya som er Noreg i miniatyr.

For ikkje å gløyme østers- og dykkebonanza rundt Kjerringvik ytst i Oslofjorden.

Men nei, det er som om vi går for fullskala kapitalisme og let merkevarene styre.

I uvare la eg sjølv ut eit bilete av Eiffeltårnet på Instagram.

Det fekk mange fleire hjarte enn bilete frå uendeleg meir spennande, uvanlege og fantastiske stader som Aden i Jemen, Morondava på Madagaskar eller Banff nasjonalpark i Canada.

Tenk at under halvparten av oss har vore i Nord-Noreg med midnattssola og nordlyset som verkeleg har sett landet vårt på kartet i aviser, magasin og nettstader verda over.

I sommar har tusenvis omsider teke turen, om enn ikkje heilt frivillig.

Truleg har koronaviruset indirekte opna auga til mange. Dette kan vere starten på ei ny rørsle.

Kanskje kan «slow travel» komplettere «slow food».

Kanskje vil unike opplevingar og reisemål ta over frå reinspikka avslapping i klyngjer på strender og cruiseskipsdekk. Kanskje går vi frå helge- til vekes- eller månadsturar.

Og kanskje vil vi innsjå at Noreg har fleire spektakulære stader å by på enn Sjøsanden i Mandal, Kjeragbolten og Atlanterhavsvegen.

På den andre sida, om vi ikkje viser oss meir audmjuke og takksame i møta med andre i landet vårt, så vil det vere å kaste turistperler til svin.

Pandemien har hjelpt oss til å sjå ein samanheng mellom korleis vi lever og planeten vår sin tilstand.

Det hjelper heller ikkje at vi let oss fjernstyre av dei vi ikkje er på reise med, dei som berre gjev tomlar opp dersom dei ser noko dei kjenner att.

For første gong har vi redusert utsleppa innan mange sektorar samstundes.

Ikkje berre må vi reise mindre og saktare, vi må også redusere forbruket over heile lina. Heilskapen er viktig, reising må sjåast i relasjon til alt anna.

Å reise, det vere i Noreg eller i utlandet, er eit privilegium, ikkje ein menneskerett.

Kanskje er pandemien eit naudsynt uvesen som sikrar at vi ikkje gløymer det.

Gunnar Garfors er kjend som globetrotter og reiselivsforfattar, men jobbar også som prosjektleiar i teknologidivisjonen i NRK.

Les kronikken til sauebonde Marianne Dolpen her: