Hopp til innhold

Etterlyser strengare brannkrav til norske møblar

Norsk brannvernforening synest arbeidet med strengare brannkrav til norske møblar går for seint.

Dagfinn Kalheim vil ha strengare brannkrav for norske møblar

Dagfinn Kalheim vil ha strengare brannkrav for norske møblar.

Foto: NRK/ Norsk brannvernforening

Testar gjort av Sintef NBL, Noregs branntekniske laboratorium, viser at norske stoppa møblar og madrassar tar lettare fyr enn tilsvarande møblar som er produsert i Storbritannia, fordi det er strengare reglar til brannsikkerheit i Storbritannia enn i Noreg.

Forskingsleiar Anne Steen-Hansen i Sintef NBL seier til NRK at strengare krav til brannsikkerheit for møblar ville utgjort ein stor skilnad, og ville spart mange liv i Noreg.

Men Stiftelsen Miljømerking og norsk møbelindustri fryktar at strengare brannkrav vil føre til auka bruk av helse- og miljøskadelege flammehemmarar. Sjå eiga sak.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) seier til NRK.no at dei vurderer å endre reglane blant anna på bakgrunn av rapporten frå Sintef. Dei har som målsetting å sende ut eit nytt forslag på høyring i løpet av 2014.

Kor strenge dei nye reglane vil bli, er ikkje klart.

Vil vurdere krav mot miljø-og helsekonsekvensar

– Vi har ikkje konkludert med omyn på kva nivå vi vil føreslå. Storbritannia kan vise til gode resultat i form av sparte liv og verdiar som følgje av strengare reglar. På den andre sida må vi vurdere strengare brannsikkerheitskrav mot blant anna skadelege miljø- og helsekonsekvensar, og her kjem det stadig meir forsking, seier seniorrådgivar Ingvild Martinsen i DSB.

Ifølgje DSB er dette eit komplekst område, då strengare krav vil kunne få samfunnsøkonomiske konsekvensar på grunn av høgare produksjonskostnader, miljømessige og helsemessige konsekvensar på grunn av skadelege stoff som flammehemmarar, samt også konsekvensar for norske produsentar når det gjeld konkurransevriding.

– Vi er i dialog med blant anna miljømyndigheiter og møbelindustrien for å utrede desse konsekvensane på ein best mogleg måte, seier Martinsen.

– Ei grense for kor lenge ein kan vente

Dagfinn Kalheim

Administrerande direktør Dagfinn Kalheim i Norsk brannvernforening.

Foto: Norsk brannvernforening

Stiftinga Norsk Brannvernforeining har i ei årrekke tatt til orde for strengare reglar.

– Det er vel ei grense for kor lenge ein kan sitte og vente når ein veit at ein kan spare liv kvart år, seier administrerande direktør Dagfinn Kalheim til NRK.no.

– Det tar mellom 3 og 7 minutt frå ein brann startar og til det er full overtenning, og inventaret er ofte viktigast i brannutviklinga, seier han.

Kalheim minner om at dei fleste dødsbrannar startar nattestid, og kvart minutt og sekund tel for at folk skal komme seg ut.

– Vi er overbevist om at får vi tilsvarande krav [som i Storbritannia, journ. merk] til stoppa møblar i Noreg, så vil liv bli spart.

– Som brannvernforening kan vi sjølvsagt sleppe å ta omsyn til harmonisering til EU og liknande som myndigheitene må ta. Likevel synest vi dette går frykteleg seint, seier Kalheim.

Kalheim minner om at Storbritannia som er inne i EU, har klart å løyse dette problemet.