Hopp til innhold

Vakkert utbrot på sola

NASAs Solar Dynamics Observatory fanga opp ein spektakulær eksplosjon på sola mandag ettermiddag.

Utbrot på sola 16 april 2012

Ei boble av supervarm plasma brest på sola i eit vakkert utbrot 16. april.

Foto: NASA/SDO/AIA

NASAs solobservatorium i rommet, Solar Dynamics Observatory (SDO), observerte eit nydelig utbrot på sola 16 april kl. 18.44 norsk tid.

Sjå NASAs video av den vakre soleksplosjonen her:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ikkje retta mot jorda

Trass i det spektakulære synet var ikkje eksplosjonen som var i klasse M1,7 spesielt kraftig ifølgje astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard.

– Eit klasse M1,7-utbrot berre middels stort, og ikkje spesielt stort i energi, seier han.

Utbrotet av supervarm plasma var denne gongen ikkje retta mot jorda, noko som var tilfelle tidlegare i år då kraftige utbrot på sola gav oss flott nordlys over heile landet.

– Blåst ut i rommet

Utbrotet skjedde i ein såkalla proturberans, som er tette skyer av materie over soloverflata som blir halde på plass av solas magnetfelt.

Røed Ødegaard fortel at dersom magnetkreftene er stabile kan proturberansen halde seg rolege lenge, over dagar eller veker.

– Men i dette tilfettet endra magnetfeltet seg raskt slik at gassen vart blåst ut i rommet, seier Røed Ødegaard.

Han fortel at i enkelte tilfelle kan magnetfeltet også endre seg på ein slik måte at gassen fell ned på sola igjen.

Då kan ein observere at gassen regelrett plaskar ned att på soloverflata.