Hopp til innhold

Marsoverflata sett gjennom teleobjektiv

Svært detaljert telelinsebilete tatt av Curiosity viser spennande strukturar i fjellsida på 5500 meter høge Mount Sharp.

Telefoto Mars

Desse laga er vårt endelege mål, seier NASA-forskarar om dei lagdelte strukturane som er svært synlege gjennom 100-millimeterlinsa på Curiositys Mastcam.

Foto: NASA/JPL-Caltech/MSSS

Marsroveren Curiosity som landa på naboplaneten vår 6 august rullar stadig ut meir av sitt høgteknologiske utstyr, og leverer allereie meir informasjon frå overflata av den raude planeten enn alle tidlegare NASA-roverar til saman.

I går viste NASA fram eit telelinsebilete tatt av Marsoverflata med Curiositys Mastcam-kamera utstyrt med eit 100 millimeters teleobjektiv.

Sjå biletet i større versjon her.

– Rikhaldig geologisk område

Biletet som er sendt heim til jorda er eit utsnitt av eit større bilete som er tatt med kameraet på roverens mast.

Telelinsebilete tatt med Curiositys 100-millimeter Mastcam

Full versjon av telelinsebiletet tatt med Curiositys 100-millimeter Mastcam.

Foto: NASA/JPL-Caltech/MSSS

Biletet viser eit goldt og steinete Marslandskap i duse brunraude fargetonar. Området i framgrunnen er dominert av små og store steinar, lenger borte glir landskapet over i sanddyner, og lengst borte ser vi roverens endelege mål, dei nedre skråningane av det 5500 meter høge fjellet Mount Sharp.

I fjellsida er det synlege geologiske lag, som er særskilt interessante for NASA-forskarane.

– Dette er eit område av Mount Sharp som Curiosity vil utforske. Desse geologiske laga er vårt hovudmål, seier Mastcam-sjef Michael Malin i ei nyheitsmelding frå NASA.

Men Malin er også interessert i geologien i området som ligg framfor fjellet.

– Det mørke feltet av sanddyner er mellom oss og desse laga. Framfor den mørke sanden ser du sand med ein raudare farge, noko som tyder på at denne har ei anna samansetning. Steinane i framgrunnen er svært ulike, nokre er runde, andre er kantete, alle med si eiga historie. Dette er eit svært rikhaldig geologisk område å sjå på og å køyre gjennom, seier Malin.

Roveren held framleis på med førebuingar og testar før sitt framtidige oppdrag på planeten.

Nyleg utførte det rullande marslaboratoriet også sin første køyretur på planetoverflata.

Telelinsebilete i originial versjon og fargejustert versjon med avstandar

Råbiletet til venstre viser landskapet i duse raudfargar. Versjonen til høgre er fargejustert for å etterlikne lystilhøve på jorda. NASA har også lagt på avstandsmålingar til dei geologiske objekta.

Foto: NASA/JPL-Caltech/MSSS/montasje, NRK

Første stemme frå Mars

Med sin sans for god PR har romfartsorganisasjonen NASA også sendt ein tale av NASA-direktør Charles Bolden frå jorda til Mars og tilbake igjen.

– Curiosity vil gagne jorda og inspirerer nye generasjonar av vitskapsfolk og utforskarar, mens han også banar veg for ei bemanna ferd i ei ikkje for fjern framtid, var blant bodskapen i Boldens interplanetare tale.

Bolden gjentok også bodskapen frå den første pressekonferansen etter landinga om at det berre er Amerika som har klart fullt ut å gjennomføre den ekstraordinære prestasjonen det er å lande ein rover på Mars.

Sjå og høyr når talen bli avspelt for Curiosity-teamet.