Hopp til innhold

Storslåtte portrett av verdas største tre

Forskarar som klatra til topps fann overraskande nye fakta om verdas største tre, mammuttrea i Sierra Nevada.

Mammuttreet, Sequoiadendron giganteum, kan bli like høg som ein 20-etasjars bygning og er blant dei eldste nolevande organismane på planeten.

Ved å klatre opp i dei største trea og måle dei meir nøyaktig enn det nokon tidlegare har gjort, har forskar Stephen Sillett og hans kollegaer ved Humboldt State University funne ut at desse enorme trea aldri sluttar å vekse, sjølv når dei allereie ragar over 70 meter over bakken.

Dette skriv National Geographic.

Veks raskare med alderen

Desemberutgåva av National Geographics

I to veker var fotografen Michael Nichols i Sequoia National Park, ved foten av fjellkjeda Sierra Nevada og tok bilete av kjempene blant tre for desemberutgåva av National Geographics.

Foto: National Geographic

I staden ser det faktisk ut til at kjempetrea berre veks raskare med alderen. Stammen vidar seg ut, og dei øvste greinene veks seg sterkare sjølv når treet blir eldre.

Funna går i mot tidlegare kunnskap om at produksjon av trevirke går ned ettersom treet blir eldre. Sillett og hans team viser at dette ikkje gjeld for mammuttreet eller slektningen redwood-treet (Sequoia sempervirens).

Mens andre treslag kan bli endå høgare enn mammuttreet, er det ingen som slår desse trea i volum.

Mammuttreet Presidenten, som er kalla opp etter den amerikanske presidenten Warren G. Harding, har eit volum målt til heile 1278 kubikkmeter, noko som nesten svarar til volumet av to 25-meters symjebasseng.

Ifølgje Sillett er Presidenten det nest største av alle store tre som nokosinne har blitt målt av hans team, og han har målt mange.

For ordens skuld, det aller største treet målt i volum er mammuttreet General Sherman med 83,8 meter over bakken, 31 meter i omkrins og eit volum på 1487 kubikkmeter.

Kjempesequoiatre

Trekronene til mammuttre, her med verdas største tre General Sherman i midten.

Foto: © Michael Nichols/National Geographic

3200 år gammalt

Det er ikkje berre storleiken som er massiv, også alderen til treet er imponerande.

Då Presidenten enno var ei lita spire for 3200 år sidan var kong Skorpion I farao i Egypt, og i Noreg rissa våre forfedre helleristingar i fjellet og gravla døde i gravhaugar.

Mens det vaks stødig og rolig frå eit lite frø til kjempa treet er i dag, vart kontinentet oppdaga først av vikingar, deretter av Columbus.

Mens mammuttreet var godt kjent blant innfødde indianarar, som kalla treet wawona, toos-pung-ish og hea-mi-withic på dei lokale språka, vart det først oppdaga av europeiske innvandrar til kontinentet i 1833.

Dei gigantiske trea skapte naturleg noko furore blant europearane. Dei hogg ned mange av trea og viste fram stammen på utstillingar.

Stubben av eitt tre, Disovery, hadde så stort areal at det kunne nyttast til dansegolv for heile 32 personar.

Utstilling av mammuttre

32 personar dansar på stubben av eit mammuttre i denne illustrasjonen.

Foto: Wikimedia commons

Tilpassing til klimaendringar

Sjølv om desse kjempene har vore ute ein vinterdag før, er forskarane likevel bekymra for framtida deira.

Studiane til Sillett og kollegaene hans er ein del av eit tiårig prosjekt for å undersøke korleis kjempetrea tilpassar seg klimaendringar. I tillegg til å gjere nøyaktige målingar i tretoppane, tar forskarane også boreprøver og utfører matematiske modellar.

Forskarane vil også prøve å rekonstruere korleis desse store trea takla klimaendringar i tidlegare tider, og måle opp mot korleis dei tilpassar seg i dag.