Hopp til innhold

Søker familie til ti dagars prøvelsar

NRK Schrödingers katt og Newton søker familie til test av klimakrava i 2020.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima
familie i uvêr
Foto: Johan Nilsson / SCANPIX / SCANPIX

Isen på Nordpolen smeltar, havet stig, og vêret blir våtare og villare. Dette høyrer vi om kvar einaste dag. For å berge kloden må vi sleppe ut mindre CO2 enn vi gjer i dag. Regjeringa har bestemt at Norge skal vere blant dei flinkaste til å kutte utslepp. Vi skal ned med heile 30% innan 2020.

Se trailer for Norge 2020 her  

Testkaninar

Kva skjer når ein tar dei nasjonale klimamåla ned på familienivå? Klarar ein vanleg familie å gjennomføre eit 30% kutt i praksis? NRK søker ein sporty familie som har lyst til å delta i ein ti dagars test. Videorapportar frå familien vil bli vist dagleg på nett, og i tillegg bli sendt i TV-programma Schrödingers katt og Newton. 

 

Er dette din familie?

- de er ein familie med to eller fleire barn

- de har mange fritidsaktivitetar

- de har ein eller fleire bilar, som ofte er i bruk

- de bur i Trøndelagsområdet

- de har lyst til å komme på TV

 

Viss de har lyst til å vere testfamilie, send oss ein e-post der de fortel litt om kven de er!

vitenskap@nrk.no

Frist for påmelding 25. august!