Hopp til innhold

Smarttelefonen skifter sykkelgir for deg

Girskifte på sykkelen blir overflødig med eit nyutvikla trådlaust girsystem.

Syklist

Ein ny mobilapp gjer at syklistar slepp å skifte gir sjølv.

Foto: Colourbox

Eit team av utviklarar ved Cambridge Consultants Limited (CCL) har utvikla eit trådlaust girsystem for sykkel som operer med hjelp av syklistens smarttelefon. Dette skriv New Scientist.

Systemet bytter gir for deg med hjelp ein app på mobilen som kommuniserer trådlaust med girskiftaren på sykkelen.

CCL har testa systemet på ein fastmontert rullande veg, og har gode erfaringar så langt.

– Testaren vår har fortel at han aldri har kjensla av å vere i feil gir, seier Mark Wilson som er ein av utviklarane bak systemet.

Kutta kablane

Systemet er baserte på elektriske gir som allereie er på marknaden. Desse er kopla med kablar til eit litiumbatteri og girskiftarar på handtaka.

– Vi har kutta kablane mellom skiftarane og gir og har erstatta dei med ein smart lågenergiversjon av blåtann som er designa for lang batterilevetid, seier Tim Fowler i CCL.

I manuell innstilling sender ein app på mobilen syklistens kommandoar til girskiftaren som er bygd for å ta imot blåtannsignal.

I automatisk innstilling skiftar appen gir basert på farten din og ei måling av tråkkehastigheita di (kadens).

– Det er ikkje vanskeleg. Lenka mellom kadens og fart er gir, seier Wilson.

Systemet avheng av at syklistane legg inn sine innstillingar. Wilson fortel at syklisten i starten på trå rundt ei stund og sette maksimum og minimum tråkkehastigheit etter kva som kjenst komfortabelt.

CCL sjølv ser for seg at systemet vil vere interessant for syklistar som brukar mykje pengar på utstyr, og som ønskjer å forbetre prestasjonane sine ved å få deira optimale tråhastigheit sett automatisk.

Sykkelapp som endrer gir for deg

Sykkelen får ein automatisk girboks med det nye girsystemet som fungerer via smarttelefon.

Foto: Cambridge Consultants

– Ser ikkje heilt nytten

Morten Karlsen

Morten Karlsen er testansvarleg i Syklistenes landsforening.

Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK

Sykkelentusiast Morten Karlsen har 19 syklar, og er ifølgje seg sjølv også langt over snittet gadget-interessert og teknisk interessert. Likevel er han avmålt til dette nye systemet.

– Dette er ein artig gadget, men eg ser ikkje heilt nytten med det, seier Karlsen som er testansvarleg i Syklistenes landsforening ved sidan av å vere journalist i NRK Trøndelag.

– Dersom du stadig syntest det var slitsamt å skifte gir kunne dette ha noko for seg, men slik er det jo ikkje. Å skifte gir er den enklaste sak i verda, i alle fall om du har eit nytt elektrisk gir, som du må ha for at dette skal fungere, seier han.

CCL ønskjer også å byggje inn iPhones lokaliseringsteneste inn i appen, slik at han kan skifte gir før oppoverbakkar eller nedoverbakkar.

Karlsen er skeptisk til om GPS er nøyaktig nok til at dette vil fungere.

– Når eg skal skifte gir før ein motbakke må eg skifte gir akkurat der, ikkje fem meter før eller fem meter etter. Korleis skal GPS kunne måle dette så nøyaktig, når kartgrunnlaget heller ikkje er så på centimeteren kurvemessig oppdatert på korleis det ser ut i landskapet, seier han.

Batterikapasitet

Den store ulempa med systemet slik Karlsen ser det, er at det er avhengig av batterikapasiteten til smarttelefonen.

– Smarttelefonar som for eksempel iPhone har allereie lite batterikapasitet, og denne appen vil måtte stå og gå heile tida, noko som gjer at batteriet fortare går tomt, seier Karlsen.

– Systemet må ha ei reserveløysing. Viss batteriet på telefonen går tomt kan du ikkje bli ståande i tyngste gir, du må ha ein girskifter uansett, seier han.