Hopp til innhold

Sjå primusboksen gå i lufta

Korleis ser det ut når primusboksen går i lufta inne i eit hus?

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ikke gjør dette hjemme

Medan Ikkje gjer dette heime-programleiar Rune Nilson (til venstre) er litt skeptisk til eksplosjonar, er medprogramleiar Per Olav Alvestad (til høgre) glad i alt som seier pang.

Foto: NRK

I programmet Ikkje gjer dette heime som har premiere på NRK torsdag 6. januar, trassar programleiarane Per Olav Alvestad og Rune Nilson alle åtvaringar om kva ein ikkje bør gjere i heimen.

Å sprengje ein primusboks er eitt av stunta som blir utført i det første programmet.

Ein primusboks med propan blir her sett ned i eit røyr som sit fast i eit ramme som er fylt med bensin.


Deretter tenner ein brannmann på bensinen, før han spring ut av rommet og lèt att døra etter seg.


Varmen frå flammane gjer at gassen inne i boksen utvidar seg kraftig. Når gassen er innestengt i ein boks, blir trykket før eller seinare så stort at boksen gir etter og eksploderer.


Lufttrykket frå eksplosjonen sprengjer vindauget i rommet.


Videoklippet viser tydeleg at dette ikkje er noko ein vil prøve ut i sin eigen heim.

Sjå også korleis det gjekk då Ikkje gjer dette heime fyrte opp pinnerakett i stova:

Video Fyrvekeri innandørs