Hopp til innhold

Dette kraftverket er basert på "kald fusjon"

Eit italiensk selskap tar no opp bestilling på kraftverk basert på såkalla kald fusjon. – Ein bløff, seier norsk kjernefysikar.

ECAT kaldfusjons-kraftverk

Biletet viser ECATs mobile kraftverk basert på såkalla kald fusjon.

Foto: ECAT

Selskapet ECAT, Cold Fusion Revolution, kunngjer no at dei tar opp bestillingar på små mobile kraftverk som skal kunne levere 1MW kraft ved hjelp av såkalla «kald fusjon». Dette skriv nettstaden PhysOrg.

Ifølgje nyheitsmeldinga på selskapets eigne nettsider skal den mobile krafteininga innehalde 106 mindre ECAT-einingar som er montert inne i ein skipskontainer. Selskapet seier at dei skal kunne levere kraftverket i løpet av fire månader.

Det er den italienske vitskapsmannen Andrea Rossi som står bak konseptet som eit samla vitskapsmiljø ristar på hovudet over.

Slik forklarar selskapet sjølv kva som er grunnlaget for kraftproduksjonen: Nikkel og hydrogen går saman ved å produsere kopar i ein "kald" kjernereaksjon.

Fysikkprofessor John Berhnard Rekstad

Fysikkprofessor John Berhnard Rekstad.

Foto: Universitetet i Oslo

–Det finst ingen bevis for kald fusjon. Eg vil nok våge å kalle det ein bløff, seier professor i kjernefysikk John Rekstad ved Universitetet i Oslo til NRK.no.

Rekstad var med og studert kald fusjon-påstandane då dei først kom i 1989, og han observerte at det vart produsert energi frå slike eksperiment.

–Men energien kom frå kjemi, frå strukturelle endringar i materiale som følgje av at dei tok opp tunge hydrogenatom. Det er inga uuttømmeleg energikjelde som fusjonsenergien, seier han.

–Må ha mange millionar grader

Utbrot på sola i september 2012

Sola er eit gigantisk fusjonskraftverk.

Foto: NASA SDO

Fusjon er det som føregår inne i sola til ei kvar tid, der lettare atomkjernar går saman (fusjonerer) og dannar tyngre atomkjernar samtidig som det blir produsert energi i form av varme og lys.

Ifølgje klassisk kjernefysikk krevst det store mengder startenergi til å sette i gang ein fusjonsprosess, men i kald fusjon er poenget nettopp at ein skal kunne utføre ein kjernereaksjon ved nær romtemperatur.

Rekstad forklarer kva som er problemet med dette sett frå ståstaden til ein kjernefysikar:

–Når to atomkjernar kjem tilstrekkeleg nær kvarandre, vil ikkje lenger den elektriske skjerminga på grunn av elektrona rundt kvernene vere verksam. Då oppstår svært sterke elektriske fråstøytingskrefter mellom dei to kvernene sidan begge er positivt elektrisk ladd.

–Skal atomkjernane overvinne desse elektriske kreftene slik at dei kjem nær nok kvarandre til at dei tiltrekkande kjernekreftene kan skape ein fusjon, må ein enten bruke ein kjernefysisk akselerator eller operere med høge temperaturar på mange millionar grader, fortel Rekstad.

Om det verkeleg skulle føregå fusjon, burde ein også observere nukleær stråling, då dette er uunngåeleg biprodukt som er typisk for kjernereaksjonar.

–Men noko slikt har aldri blitt påvist i samband med «kald fusjon», seier Rekstad.

Frå «hot» – til dødt

Amerikanarane Stanley Pons og Martin Fleischmann fekk mykje medieomtale då dei som dei første vitskapsfolk skulle ha lukkast med å få til kald fusjon i 1989.

Konseptet vekte naturleg nok først håp om ein billig og lett tilgjengeleg kjelde til energi. Men etter kvart som andre vitskapsfolk forsøkte å gjere om att kaldfusjons-eksperimentet til Pons og Fleischmann, utan å lukkast, blei det oppdaga fleire feil og manglar i eksperimentet deira. På slutten av året var kald fusjon erklært dødt, og vart stempla som ein såkalla patologisk vitskap.

Men kaldfusjon var likevel ikkje død. Nokre få forskarar haldt fram med å forske på området som no gjerne blir kalla låg-energi kjernereaksjonar (LENR) for å unngå det noko belasta ordet kald fusjon.

Blant dei forskarane som har skaffa seg mest medieomtale med dette konseptet dei siste åra er Andrea Rossi, som også står bak firmaet ECAT.

Rekstad understrekar at han ikkje har halde seg oppdatert på kva italienarane driv med, og vil derfor la vere å synse om kva som kan vere deira motiv.

–Men eg er som sagt svært skeptisk, seier han.