Hopp til innhold

Kan ikkje forklare rekordstort jordskjelv

Eit overraskande kraftig jordskjelv på 600 kilometers djup overraskar seismologar.

Okhotskskjelvet målt av norske seismiske stasjonar

Eit jordskjelv i Stillehavet 24 mai i år vart plukka opp verda over. Bileta viser målingar frå seismisk stasjon i Finnmark (til høgre) og Troll-stasjonen på Antarktis til venstre.

Foto: NORSAR

Eit svært kraftig jordskjelv vart fanga opp av målestasjonar verda rundt 24. mai i år. Skjelvet hadde ein styrke på 8,3, og skjedde på over 600 kilometer djupn under Okhotskhavet, som ligg mellom Japan og Russland.

Okhotsk-havet

Det rekordstore skjelvet skjedde 600 kilometer under Okhotskhavet 24. mai i år.

Foto: Wikimedia Commons

Ein ny studie publisert i Science viser at jordskjelvet er det sterkaste skjelvet som er målt på slike djupner, og at det gav opphav til ei usedvanleg stor rift som er heile 180 kilometer lang, skriv nettstaden Physorg.

– Det er eit mysterium korleis desse jordskjelva skjer. Korleis kan stein gli mot stein så raskt mens det blir pressa ned av eit trykk frå 610 kilometer av stein som ligg over, seier professor Thorne Lay ved Earth and planetary sciences ved University of California, Santa Cruz.

Stort utslag i Noreg

Seismolog Conrad Lindholm i NORSAR fortel at vibrasjonar frå Okhotsk-skjelvet vart plukka opp av norske målestasjonar der det sprengde skalaen på målingane mange stader.

–Dette var eit svært stort jordskjelv, slår Lindholm fast.

  • Sjå seismiske data frå NORSAR her

Han fortel at det djupe jordskjelvet skuldast at den tyngre Stillehavsplata i dette området søkk inn under lettare landskorpe som øyene Kurilene og Kamsjatka ligg på. Stillehavsplata som søkk ned i mantelen får då eit strekk fordi resten av plata «held igjen» på toppen.

Okhotskskjelvet skuldast ein slik strekkspenning som har blitt utløyst, ifølgje Lindholm.

Rekordlang rift

Analysar av dei seismiske bølgjene frå Okhotsk-skjelvet viser at dette skjelvet er 30 prosent større enn det nest største skjelvet som er målt på slike djupner, eit jordskjelv på 637 kilometers djup under Bolivia.

Men skjelvet sette også fleire rekordar.

Ifølgje Lay og hans kollegaer førte skjelvet til ei rift i havbotnsskorpa som er heile 180 kilometer lang, noko som er svært mykje større enn det som er målt for andre djupe jordskjelv.

I tillegg var farten som rifta vart danna med uvanleg rask, heile 4 kilometer i sekundet, noko som ifølgje forskarane er meir vanleg det ein ser ved vanlege jordskjelv nær overflata.

Mekanismane bak skjelvet er enno uklare, ifølgje forskarane.