Hopp til innhold

Spektakulært bilete av mystisk galakse

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Femti timar eksponeringstid gir fantastisk portrett av galakse med massivt svart hol.

ESOs La Silla-observatorium i Chile har zooma inn på galaksen Centaurus A som ligg om lag 12 millionar lysår unna oss i stjernebiletet Kentauren.

Biletet som er tatt med instrumentet Wide Field Imager er tatt med heile 50 timars eksponeringstid, noko som får fram lys frå sjølv lyssvake stjerner i bakgrunnen.

Supermassivt svart hol

Den besynderlege galaksen har eit lyssterk senter, og er himmelens sterkaste galakse målt på radiobølgjelengder. Galaksen produserer også jetstrålar med høgenergetiske partiklar som skyt ut av galaksesenteret.

Astronomar trur at dei enorme energimengdene blir produsert av eit supermassivt svart hol med masse tilsvarande 100 millionar solar som lurer i kjernen av galaksen.

Galaksen Centaurus A

Galaksen Centaurus A

Foto: ESO

Dei nye dataene frå Wide Field Imager-instrumentet på ESOs 2,2-meters teleskop i La Silla i Chile inkluderer lange eksponeringar gjennom raude, grøne og blå filter, samt filter som er spesialdesigna for å berre sleppe gjennom lyset frå glødande hydrogen og oksygen.

To lange raudlege strukturar eller filament, som strekkjer seg opp mot det venstre hjørnet av biletet, er fødestover for stjerner som inneheld varme, unge stjerner.

Resultat av kollisjon

I motsetning til dei fleste elliptiske galaksar er den glatte forma forstyrra av eit breitt og usamanhengande mørkt band som tilslører sentrum av galaksen.

Bandet over galaksen inneheld store mengder gass, støv og unge stjerner.

Det mørke bandet saman med den kraftige radiostrålinga meiner astrofysikarane ved ESO er eit bevis for at Centaurus A ein gong var to galaksar som kolliderte og smelta saman til ein.

Det støvfylte bandet er truleg restane av ei spiralgalake som er rive i filler av tyngdekreftene til den elliptiske kjempegalaksen, skriv ESO i ei pressemelding.