Hopp til innhold

Philae har aktivert drillen

Batteriet er i ferd med å gå tomt for landingsfartøyet Philae, og det er usikkert om sonden vil klare å sende heim resutlat frå boreprøvar av overflata.

Panorama-bilde fra Komet 67P

Panorama-bilde frå Komet 67P

Foto: ESA/Rosetta/Philae/CIVA

Oppdatering: Kl. 15: Philae borer i overflata av kometen.

Laster Twitter-innhold

Etter at Philae lukkast i å landa på kometen 67P/Tsjurimenko-Gerimenko onsdag 12. november har ESA jobba på spreng med å data frå sonden. Dei første bileta frå overflata kom torsdag morgon.

I ein pressekonferanse frå ESA klokka 14 fredag fortalde Lander manager, Stefan Ulamec, at dei har lukkast i å aktivere drillen til Philae i dag.

Om Philae klarer å bore seg ned i kometen og ta prøvar, vil vi få vite først i kveld.

Men problemet er at batteriet til sonden er i ferd med å bli tomt.

– Vi veit ikkje om vi har nok batteri til å få kontakt med Philae igjen, sa Ulamec.

Har sniffa gass

Likevel er teamet framleis hovudsakleg svært nøgde med det dei har fått til.

– Vi har ikkje resultat enno, men berre heng med, drillen skal ned i kometen. Vi får enno gode signal, sa Matthew Taylor i Rosettas vitskapsteam.

– Sonden har tatt prøvar av gassane på kometen, så vi har dette sjølv om vi ikkje klarar å få resultat frå boreprøvar, fortalde Philippe Gaudon.

– Kan vekkast til live igjen

Dersom bakketeamet lukkast med å få kontakt igjen i kveld, vil dei forsøke å flytte på Philae for å få solpanelet i ein betre posisjon.

Landingsfartøyet går no på begge dei to batteria han har med, samt den vesle krafta frå solcellepanela om bord.

Håpet er at dersom batteriet no går tomt, kan sonden vekkast til live igjen etter kvart som kometen kjem nærare sola og får meir kraft frå solcellepanela.

– Skulle vi gjort dette om att, så ville eg tatt med ein større batteripakke, kommenterte Stephan Ulamec.

Rundt midnatt i natt kan vi vente neste kontakt frå Philae. Om batteriet held.

– Vi kjem til å bite negler og vente på det neste signalet, sa Matt Taylor.

Følg med på siste nytt frå kometen 67P via ESAs Twitterkontoar @esaoperations og @Philae2014