2000 år gammalt ørkenmønster skjulte labyrint

Arkeologar gjekk 1500 kilometer til fots i ørkenen og oppdaga labyrintstruktur som var skjult frå lufta.

Nazcalinjer

Nazcafolket laga mystiske linjer og geometriske mønster i ørkenen. Formasjonane på biletet viste seg å skjule ein labyrint.

Foto: Clive Ruggles

Arkeologane Clive Ruggles og Nicholas Saunders vandra 1500 kilometer til fots i ørkenen i Peru for å følgje linjer og geometriske figurar laga av Nazca-folket (sjå faktaboks) ein gong for mellom 2000 til 1300 år sidan.

Dei oppdaga eit labyrintkompleks som var gøymt i landskapet, og som berre kunne avslørast ved å gå heile labyrintens lengde på 4,4 kilometer. Labyrinten slutta, eller byrja, inne i ei spiralform.

Professor Clive Ruggles

Professor Clive Ruggles.

Foto: University of Leicester
Ekspedisjon brått avslutta

Clive Ruggles fortel på heimesida si at han oppdaga strukturen i ørkenen første gong i 1984.

Den gongen vart ekspedisjonen brått vart avslutta etter at Ruggles hamna i ein disputt med den berømte Maria Reiche, ein tysk arkeolog som var den rådande eksperten på Nazcalinjene.

Først tjue år seinare, i 2004, fekk Ruggles moglegheit til å komme tilbake og utforske linjene som del av eit større prosjekt for å kartleggje og undersøke Nazcalinjer i eit område på om lag 80 kvadratkilometer.

For å finne att staden han hadde oppdaga på åttitalet, måtte han og kollegaen lite på feltnotatar gjort av Ruggles i ei tid før den handhaldne GPS.

Apekatt i de kjente Nazca-linjene

Nazca-linjer som førestiller ein apekattfigur. Biletet er tatt av arkeologen Maria Reiche i 1953.

Foto: Maria Reiche

– Skulle ikkje synest frå utsida

Labyrinten arkeologane oppdag vart sannsynlegvis konstruert om lag 500 etter Kristus, trur forskarane.

Til skilnad frå nokre av dei berømte dyreliknande figurane, tyder ikkje den irregulære forma på at labyrinten skulle synast frå høgda, ifølgje Ruggles.

Arkeologane trur ikkje at labyrinten var meint å skulle sjåast frå utsida i det heile tatt, men at han i staden skulle opplevast frå innsida, ein skulle gå gjennom han.

– Det leier oss vidare til spørsmålet om kven som var meint å gå labyrinten, og under kva omstende, seier Ruggles.

Nazcalinjene har framleis uløyste gåter å by på.