Norsk teori slår beina under konspirasjonsteoriar etter 11/9

Smelta aluminium frå terrorflya er nøkkelen til å forklare korleis tvillingtårna i New York falt saman, hevdar norsk aluminiumsekspert. Sjå video der programleiarane i Schrödingers katt testar ut den eksplosive reaksjonen mellom aluminium og vatn.

Video Aluminiums
Christian Simensen

Christian Simensen er seniorforskar og metallurg ved Sintef.

Foto: NRK

Kva som var grunnen til at tvillingtårna i World Trade Center kollapa så raskt etter terroråtaka 11. september har vore gjenstand for grundige undersøkingar frå amerikanske myndigheiter.

Den offisielle rapporten om samanrasinga slo fast at det var overoppheting av stålkonstruksjonane som var grunnen til at bygningane rasa saman.

Men samanrasinga av dei 110-etasjers høge bygningane har også gitt grobotn for ei mengde konspirasjonsteoriar, blant anna fordi mange vitne har fortald at dei høyrde eksplosjonar.

– Det som var myndigheitene si svakheit var at dei hadde ingen forklaring på kvifor det var eksplosjonar, seier den norske forskaren Christian Simensen ved Sintef til NRKs Schrödingers katt.

Simensen har brukt dei siste to åra på å studere hendinga, fordi han meiner den offisielle amerikanske rapporten ikkje har alle svara.

Dette meiner Simensen skjedde:

Hans teori går ut på at smelta aluminium frå flyet har reagert eksplosivt med vatn frå sprinklaranlegget i dei to skyskraparane, og at det er desse eksplosjonane som har fått bygningane til å rase saman.

Funna hans er nyleg publisert i Aluminium International Today, som er eit anerkjent tidsskrift for aluminiumsforsking.

30 tonn aluminium

World Trade Center rasar saman 11/9-2001

Biletet viser det andre tårnet (sørtårnet) i World Trade Center som rasar saman.

Foto: JEFF CHRISTENSEN / REUTERS

– Feilen med rapporten er at han ikkje tek omsyn til flyet. Eg trur ikkje noko på at bygningar går ned av seg sjølv utan at det du køyrer inn i det har noko med det å gjere, seier seniorforskaren ved Sintef.

Hans meiner at varmen frå det brennande flyet har smelta aluminium i flykroppen

Då flya krasja inn i tårna drog dei med seg bygningsmateriale på vegen inn i bygningen. Dette la seg som isolasjon omkring flyet som var i full brann grunna høg friksjonsvarme.

Etter kvart blir det så varmt at aluminiumet i flykroppen smeltar, og dannar eit basseng med flytande metall.

Flya vog om lag 90 tonn totalt, og 30 tonn av dette var aluminium.

Demning som brest

Simensen forklarar at det som så skjer, er at aluminium blir så lettflytande som vatn. Dette gjer at det flytande metallet kan finne veg gjennom alle moglege hol i vegger.

– Då går det veldig kjapt. 30 tonn aluminium kan tømmast i løpet av sekund. Det blir som ei demning som brest, fortel Simensen.

Aluminiumseksperten meiner at videoopptak frå tvillingtårna 11/0-2001 viser at det er flytande aluminium, og ikkje flytande jern som renn nedover bygningane.

– Smelta vi ser på videoopptak er lys øvst, og går over til å bli grå. Dette er ein typisk situasjon viss du har flytande aluminium på 900 grader, og tek det ned til smeltepunktet på 660 grader, seier Simensen.

Eksplosiv blanding

I følgje teorien til Simensen reagerer det flytande aluminiumet frå flykroppen med vatn frå sprinklaranlegget i tårna, og det er dette som gir opphav til dei kraftige eksplosjonane som får tårna til å falle saman.

At flytande aluminium og vatn utgjer ei eksplosiv blanding er velkjent. Sidan 1980 er det registrert heile 250 ulykke av dette slaget i aluminiumsindustrien.

Det mest kjende døme på ein aluminium-vatn-eksplosjon frå Noreg er ein eksplosjon på aluminiumsverket på Lista der eit støypebord på 30 tonn gjekk opp gjennom taket og 60 meter ned i gata.

Sjå Christian Simensen forklare teorien til programleiar Hanne Kari Fossum i Scrhödingers katt:


Har tvinga prosjektet på Sintef

Video e6eb50e7-21a9-45bc-9d59-7eed2d081316.jpg

Simensen si interesse for samanstyrten av dei to tårna starta med at sonen hans stilte han ei mengde spørsmål som han ikkje kunne svare på.

Forskaren ringte ein ven i New York som også er metallurg, og bad han sende over den offisielle rapporten som han rekna med ville gi alle svara. Men det syntest han ikkje at rapporten gjorde.

– Dette er eit prosjekt som eg har tvinga på Sintef, fordi eg synest det er så sensasjonelt at amerikanarane ikkje har løyst det sjølv, seier Simensen.

Instituttet som står bak den endelege amerikanske rapporten frå 2005 om samanstyrten av tvillingtårna ville ikkje stille til intervju med Schrödingers katt, fordi dei meiner at Simensens teori ikkje vil endre deira konklusjon av kva som skjedde.

Aluminiumsforskaren sjølv håpar at hans teori vil medverke til å avskrekke alle som vil prøve seg på konspirasjonsteoriar, og at det kan føre til at amerikanarane får betre brannforskrifter.

Sjå heile programmet på NRK1 i kveld kl. 19.45.

Hva skjer med Ikke gjør dette hjemme-huset i den siste episoden denne sesongen? Alle de foregående husene har endt i ett flammehav, så hva skjer denne gangen? Mens sprengstoffekspert Roar og kjemiker Morten slår seg sammen for å prøve å lage vann fra bunnen av, går programlederne Rune og Torfinn vitenskapelig til verks for å undersøke om banning hjelper mot fysisk smerte. (8:8)
Vi er "på nett" så å si hele døgnet. Vi tvittrer, snap'er, spiller, teller skritt, handler og søker etter nyheter. Denne aktiviteten overvåkes av aktører som samler inn enorme datamengder om oss. Det ligger store gevinster, men også viktige fremskritt i BIG DATA! (2:4)
Humor, livsstil og intelligens gir status hos menn - og damer faller for det. Marens gjenværende beilere viser fram nye sider når de skal prøve seg under panseret på en Volvo 240. (5:6)