Hopp til innhold

Marsrover inspirert av vindblåste plantar

Rullande robotballar som blir ført av garde med vinden kan bli NASAs framtidige utforskarar av planeten Mars.

Tumbleweed rover

Plantar som blir blåst av garde med vinden er inspirasjon for NASAs rullande Mars-robotar.

Foto: NASA

NASA vurderer ein design av framtidige marsrobotar som mimar vindblåste rullande plantar, såkalla tumbleweed eller markløparar (sjå faktaboks).

Forskarar ved North Carolina State University har gjort simuleringar av tumbleweed-roverar for å undersøkje kva som er den optimale storleiken for å få kraft frå vinden til å rulle over hindringar i vegen, skriv Discovery News.

Simuleringane som er gjort av forskarane Alexandre E. Hartl og Andre P. Mazzoleni, er publisert i Journal of Spacecraft and Rockets.

Billegare

Tumbleweed-robotar vil vere svært mykje billegare enn dagens Marsrobotar. Dei låge kostnadene vil kunne gjere det mogleg å ha eit heilt team av markløpar-robotar som til saman vil kunne kartleggje heile Mars-overflata.

Slike roverar er også interessante fordi dei kan dekkje større område, og bevege seg i røffare terreng enn det dagens roverar, Spirit og Opportunity, kan.

– Det er ganske stor interesse i NASA for å forfølgje ideen med eit markløpar-design, men eitt av spørsmåla er korleis roboten vil klare seg på den steinete overflata av Mars. Vi ville undersøkje dette, fortel Andre Mazzoleni.

Marsoverflata er svært steinete, i gjennomsnitt vil ein robot møte på ein stein per kvadratmeter.

6 meter i diameter

Det Mazzoleni og kolleg Hartl fann ut, var ikkje overraskande at markløparrobotane må vere store og lette for at dei skal kunne fange så mykje vind som mogleg og samtidig kunne forsere steinar i vegen.

Simuleringane viste at den beste storleiken for robotballen er 6 heile meter i diameter.

– Datasimuleringar er avgjerande for å designe Marsrovarar, fordi den einaste plassen der du finn Mars-forhold er på Mars, seier Mazzoleni.

– Jordbaserte testar åleine kan ikkje bestemme om eit design vil fungere på Mars.

Marsrover inspirert av tumbleweed

Modell av rover-ball.

Foto: North Carolina State University

Oppblåsbar

Fleire ulike design for markløpar-robotar blir no vurdert. Alt frå oppblåsbare design til meir rigide kassedrage-strukturar kan vere aktuelle.

For å gi ein robotoperatør ei viss påverknad på retninga roboten tar over den raude sanden, kan det også vere aktuelt å inkludere ei motvekt inne i roboten.

Kor mange instrument som kan få plass i rulleroboten avheng av batterikrafta det er plass til. Og førebels veg batteri for mykje.

– Batteri utgjer masse, og det bremsar Tumbleweed-roveren, seier forskarane.

Men i det minste vil ikkje ein slik strandball-robot trenge kraftforsyning for å komme seg framover. Det fiksar vinden.

Sjå video om tumbleweed-roverar frå Discovery:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.