Hopp til innhold

Menneskets første steg på "Mars"

Åtte månader inn i Mars500-eksperimentet som simulerer ei verkeleg reise til naboplaneten vår, har besetningsmedlemma i dag tatt dei første stega på Mars.

Video Menneskets første steg på «Mars»

Seks menn har vore innestengt i ein bunkers i Moskva sidan juni 2010, for å gjennomføre den første simuleringa av ei bemanna reise til Mars som skal ta like lang tid som ei verkeleg reise til den raude planeten.

Etter åtte månader ”på reise” er besetninga no ved målet, og to av besetningsmedlemma tok sine første steg på planeten i dag klokka 11 norsk tid.

Mars500

To av besetningsmedlemma i eksperimentet Mars500 testar ut romdraktene før den simulerte spaserturen på 'Mars'.

Foto: Oleg Voloshin

Åtte månader ut i det totalt søtten månader lange eksperimentet, har halvparten av besetninga no landa på Mars og har tatt sine første steg på "planeten".

Talet 500 viser til at forsøket vil vare i om lag fem hundre dagar (eigentleg 520 dagar), noko som er like lenge som ei verkeleg reise til den raude planeten vil ta.

Sjå video om eksperimentet Mars500. Detaljar om Marslandinga kjem om lag 3 minutt ut i videoen:


Milepæl

Mars500 nådde sin første milepål då besetninga gjekk inn i bane rundt den raude planeten i byrjinga av februar. Der dokka romskipet med Marslandaren, som skulle ta halvparten av besetninga til planeten.

Den andre milepælen vart nådd 12. februar då Marslandaren landa på overflata av Mars med halvparten av besetninga om bord, russiske Alexandr Smoleevskiy, italienske Diego Urbina og kinesiske Wang Yue.

I dag, 14. feburar, tok Smoleevskiy og Urbina sine første steg på Mars i det som vil bli eitt av totalt tre spacewalks til overflata av Mars i løpet av dei ti dagane dei vil opphalde seg på planeten.

Italienske Diego Urbina tvitrar dagleg om sine opplevingar i Mars500

– Eg gler meg veldig til landinga, sjølv om eg har hatt det så travelt at eg nesten ikkje har hatt tid til å tenkje over det, tvitra Urbina 11. februar, dagen før landinga på Mars.

Rover og romdrakt

Ei av oppgåvene teamet på tre skal utføre medan dei oppheld seg på Mars er å plukke opp små steinar og ulike sensorar frå marsoverflata ved hjelp av marsrovaren Gulliver som er utstyrt med ei robothand og fleire små kamera.

For å gjere spaserturane på Mars så realistiske som mogleg, må besetningsmedlemma iføre seg romdrakter, sjølv om den raude planeten i eksperimentet berre er ein ny bunkersmodul der golvet er dekt med sand.

Etter eit ti dagars opphald på den virtuelle Marsoverflata, skal ekspedisjonsmedlemma setje kursen tilbake til jorda.

Eksperimentet blir avslutta først 5 november 2011, då "landar" romskipet på jorda igjen.