NRK Meny
Normal

Landingsdrama på komet visest i detalj i nye bilete frå Rosetta

Påstått funn av organisk materiale på kometen, men dette er ikkje stadfesta. – Organisk materiale kan vere så mangt, seier Bo Andersen.

Philaes ferd over kometoverflata -sett frå Rosetta

Philae falt austover over kometoverflata i ein fart på 0,5 meter i sekundet.

Foto: ESA/Rosetta/MPS for OSIRIS Team MPS/UPD/LAM/IAA/SSO/INTA/UPM/DASP/IDA

Wall Street Journal melder at Philae skal ha funne organisk materiale på kometen, men dette er førebels ikkje stadfesta av ESA.

Norsk Romsenter har heller ikkje meir informasjon om det påståtte funnet.

– Organisk materiale kan vere så mangt. Det kan vere snakk om metan, som vi veit er der. Det vi er interessert i, er om det er meir komplisert materiale, seier administrerande direktør Bo Andersen i Norsk Romsenter til NRK.no.

Han avventar meldingar frå ESA om kva dei har funne.

Romsonden har med seg utstyr for å blant anna påvise aminosyrer. Den skal også kunne seie om eventuelle organiske molekyl er høgrevendte eller venstrehendte, noko dei er på jorda.

Landingsdrama

Nyleg frigitte bilete frå ESA viser dramaet som skjedde då Philae trefte overflata på kometen 67P romsonden for så å sprette av igjen.

Frå ei høgde på 17,5 kilometer over kometen tok Rosetta denne serien med bilete som viser kva som skjedde i ein 30 minutts periode frå sonden var i fritt fall til han trefte overflata, og så dreiv vidare. Bileta er tatt med Rosettas Osiris-kamera.

Resolusjonen er 28 cm/piksel, og dei kvadratiske innsette bileta representerer eit område som er om lag 17 x 17 meter av kometoverflata.

Frå venstre til høgre viser dei tre første bileta Philae mens han enno er i fall mot kometoverflata, deretter første treffpunkt, før sonden sprett opp igjen og beveger seg lenger austover.

Den endelege landingsstaden til Philae er enno ikkje kjent, men etter eit nytt sprett i møte med overflata igjen landa endeleg sonden.

Kan forklare sprett

Dei få resultata som har blitt frigitt frå undersøkingane på kometen, kan tyde på at overflata er hardare enn det ein hadde trudd på førehand, skriv BBC.

Det tyske MUPUS-instrumentet skulle ta temperaturmålingar av kometen, men dette vart øydelagt i sondens forsøk på å stikke den ned i overflata.

Forskarar BBC har snakka med seier dette viser at støvlaget på kometen kan vere svært mykje hardare enn noko ein hadde forventa, og kan vere like hard som enkelte steinartar.

Dette kan også vere ei medverkande årsak til at sonden spratt så høgt opp att i møtet med kometoverflata.

ESA har enno ikkje lokalisert Philae på kometoverflata, men dei meiner at dei skal kunne finne ved å kombinere bileta dei har frå Philae med informasjon frå Rosetta som går i bane omkring kometen.

Men til akkurat dette kan ikkje Philae vere til særleg hjelp lenger, då sonden sjølv gjekk tom for batteri natt til laurdag.