- Alle kjemikarar kan i prinsippet lage kunst, seier Stølevik medan han rotar konsentrert rundt i sigarkassa på skrivebordet. I kassa blenker det i små runde glas med krystallar og pulver, små skattar som rommar allverdas fargeprakt i kyndige hender.
- Eg kan verken male eller teikne, men eg har alltid hatt ein veldig trang til å lage bilete. Forstår du, spør han og ser opp.
Landskap på overheadpapir
På bordflata ligg eit kvitt ark og ventar. Stølevik har teipa fast eit blankt plastark opp på det igjen- det som vi i skuletimar og seminar kjenner att som blafrande overheadpapir eller lysark.
- Det er på ein måte penselen, det må tole vatn, forklarar han og dryp nokre dråpar vatn ned på plastspegelen. Ei vassperle brer seg, utgangspunktet for eitt av dei blåe landskapa Stølevik vil vise oss.
Blodlutsalt
Frå sigarkassa vert eit lite glas med kvit-gule perler henta fram.
- Blodlutsalt er faktisk avkok av slakteavfall, slakt som vert kokt i store jerngryter. Ganske fasinerande, ikkje sant ? Stølevik drysser forsiktig frå glaset og blandar i vatnet med ein velbrukt lommekniv. Vi stirrer spent , men ingenting skjer.
- Nei, vi må ha noke til...skal vi sjå... her er den; jernsulfat. Meir pulver vert dryst, også skjer det: Ørsmå blå prikkar viser seg i vatnet og sig sakte utover. Med hjelp frå lommekniven vert det heile smurt utover til eit vassekte blått hav på plasten.
Men det er berre starten. Meir plast vert lagt på - oppå, og Stølevik dreg og formar den preuserblåe fargen mellom dei to laga. Etterkvart demrar det. Landskap og skyer, hav og himmel. Det kan vere kvar som helst, men likevel kjent. Snøbyer og regn i drev frå nordvesten vert skapt med dryssande vaskesoda frå sigarkassa, raudt heiter jernrodarid og varmar i blåfargen.
Det er alt frå kystkjent natur til komsiske eksplosjonar lenge før vår tid.
- På ein måte har eg ein viss kontroll, men samstundes er dei kjemiske prosessane heilt uavhengige av meg. Eg kan bestemme fargane, men motivet vert på ein måte til undervegs, seier Stølevik. Han ser på det blå framføre seg. - Eg trur dette er kometar eg.. Sjå her, det liknar!
Av Gry Molvær,
Schrödingers katt torsdag 7. september kl. 19.30