Hopp til innhold

Kometkrasj kan danne byggeklossar for liv

Ny studie viser at kollisjonar i verdsrommet kan danne aminosyrer nødvendig for liv.

Kometen Hartley 2

Samanstøyt mellom ein komet og eit steinobjekt i rommet kan vere nok til å danne viktige kjemiske byggeblokker for liv. Biletet viser kometen Hartley 2 fotografert av NASA-sonden EPOXI.

Foto: NASA/JPL-Caltech/UMD

Kjemiske stoff som er nødvendige for å byggje liv kan oppstå spontant når kometar kolliderer med asteroidar eller meteorar i verdsrommet, viser ei ny studie publisert i Nature Geoscience.

Dei livsviktige byggeblokkene kan også oppstå når ein steinmeteor krasjar inn i ein planet med islagt overflate.

Dette har forskarar ved Imperial College London funne ved å skyte stålprosjektil på blandingar av is og kjemikaliar som ein finn i kometar.

Dei fann at energien som vart produsert i samanstøytet mellom isblandinga og ei kule i 7,15 kilometer i sekundet var nok til å danne fleire ulike aminosyrer, blant anna D- og L-alanin.

–Våre funn viser at grunnleggjande byggeklossar for liv kan bli sett saman over alt i solsystemet og kanskje også utanfor solsystemet, seier ein av forskarane bak studien, Zita Martins, i ei pressemelding.

–Oppmuntrande

Hans Amundsen, geofysiker og astrobiolog

Geolog og astrobiolog Hans Amundsen.

Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK

–Dette er eit viktig funn, som kan forklare korleis aminosyrer oppstår i kometar, seier astrobiolog og geolog Hans Amundsen til NRK.no.

Han fortel at funn av aminosyrer i meteorittar og i fjerne planetskyer er kjent frå tidlegare, utan at ein heilt har forstått korleis dei har komme dit. No har ein altså ein måte desse stoffa kan dannast på.

– Det ser ut til at vi finn desse byggeklossane fleire og fleire stader, og det er oppmuntrande for sjansane til å finne liv, seier Amundsen.

–Frå klossar til legohus

Enceladus

Den islagte Saturn-månen Enceladus kan vere ein ideell stad å leite etter liv.

Foto: NASA

Men studien er enno langt frå å kunne svare på korleis livet oppstod.

–Dette er ein måte å forklare korleis vi får byggeklossane, men frå det og til å komme til sjølve legohuset, liv, er ei anna sak, seier Amundsen.

–Korleis livet oppstod er eitt av vitskapens største mysterium, seier han.

Saturnmånen Enceladus og Jupiters måne Europa kan ifølgje dei britiske forskarane vere det perfekte miljøet for å danne aminosyrer når meteorittar krasjar inn mot dei islagde overflatene deira.

Dette funnet gjer det med andre ord ikkje mindre interessant å sende framtidige romferder til desse månane for å leite etter liv.