"Hundreårskometen" går inn i sluttspurt mot sola

Kometen ISON er berre timar unna eit flammeinferno. Torsdag kveld har kometen nærpassering av sola.

Montasje som illustrerer kometen Ison på veg mot sola

Snøball i helvete. Kometen ISON passerer sola på det næraste torsdag kveld kl. 19.25. (Biletet er ein montasje, og viser ikkje verkeleg avstand til sola.)

Foto: NASA SDO/ NASA Goddard/montasje NRK

Astronomar og amatørastronomar verda over held pusten i det kometen ISON nærmar seg perihelium, næraste passering av sola, klokka 19.25 norsk tid torsdag 28. november.

Heilt sidan kometen vart oppdaga i 2012 av eit team av russiske astronomar, har han skapt stor interesse verda over. Kometen har blitt kalla "hundreårets komet" på grunn av dei moglege utsiktene til eit spektakulært lysshow på himmelen.

Ingen veit om kometen vil overleve nærkontakten med sola, eller om han ganske enkelt vil fordampe i den ekstreme varmen.

–Temperaturen på overflata av kometen vil vere cirka 2700 grader Celsius når han er nærast sola, fortel professor Håkon Dahle ved Institutt for teoretisk astrofysikk, UiO, til NRK.no.

–Det er meir enn varmt nok til å smelte jern, seier Dahle.

Kometen er svært spesiell av to grunnar:

  • ISON er på veg mot sola for aller første gong.
  • I tillegg går kometen i ein bane som gjer at han vil komme svært nær sola. Næraste passering vil skje i ein avstand på berre 1,2 millionar kilometer, noko som svarar til om lag 3 gongar solas eigen radius.

Sjå grafikk som viser kometens bane inn mot sola:

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Ison-kometens lysshow» i nytt vindu

Kjernen i oppløysing?

Dei siste dagane har det komme mange rapportar som tyder på at kjernen til kometen kan ha gått i oppløysing.Dersom dette stemmer betyr det at kometen no kan vere i ein tilstand av ei slags sky av usammenhengande støv og bitar av is.

Dette vil i tifelle bety at kometen kan gå i fullstendig oppløysing i det han passerer gjennom solas 1 million grader varme korona, noko som vil vere dårlig nytt for utsiktene til å sjå eit fantastisk lysshow på himmelen når kometen rundar sola og er på veg utover i solsystemet igjen.

Men ifølgje astrofysikar Karl Battams ved NASA Comet ISON Observing Campaign, CIOC, er det ingen grunn til å gi opp kometen heilt enno:

I hans siste bloggpost skriv han at lysstyrken no har auka igjen.

–Vår hypotese er at ISON kan ha hatt eit nytt utbrot, som kanskje har involvert fragmentering, men at han no er tilbake til å oppføre seg «riktig» igjen.

–Vi veit ikkje enno om dette stemmer, eller om ISON verkeleg har gått i oppløysing. Og vi har enno ingen aning om kva ISON vil gjere ved perihelium, seier Battams.

Battams minner også om at ein aldri før har sett eit objekt som ISON, og at ein aldri tidlegare har studert ein solstreifande komet berre dagar unna nærpassering med sola i slik detalj.

Kometen ISON sett frå SOHO

Kometen ISON sett frå Solar and Heliospheric Observatory, SOHO 27. november. ISON er synleg som ein lys strek til høgre i biletet.

Foto: SOHO/NASA

–Vi er i ferd med å bryte ny mark her, seier Battams

Synleg frå sol-observatorium i rommet

I det kometen no er svært nær sola har han komme inn i synsfeltet til flåten av solobserverande teleskop.

NASA sine sol-observatorium i rommet, SOHO, STEREO og Solar Dynamics Observatory, SDO, vil alle vere retta mot kometen torsdag.

Stereo har allereie tatt denne spektakulære videoen som viser kometens ferd innover i solsystemet dei siste dagane:

Kontinuerlege oppdateringar om kometen finn du her:

Hva skjer med Ikke gjør dette hjemme-huset i den siste episoden denne sesongen? Alle de foregående husene har endt i ett flammehav, så hva skjer denne gangen? Mens sprengstoffekspert Roar og kjemiker Morten slår seg sammen for å prøve å lage vann fra bunnen av, går programlederne Rune og Torfinn vitenskapelig til verks for å undersøke om banning hjelper mot fysisk smerte. (8:8)
Vi er "på nett" så å si hele døgnet. Vi tvittrer, snap'er, spiller, teller skritt, handler og søker etter nyheter. Denne aktiviteten overvåkes av aktører som samler inn enorme datamengder om oss. Det ligger store gevinster, men også viktige fremskritt i BIG DATA! (2:4)
Humor, livsstil og intelligens gir status hos menn - og damer faller for det. Marens gjenværende beilere viser fram nye sider når de skal prøve seg under panseret på en Volvo 240. (5:6)