NRK Meny
Normal

Kometsnøball på veg mot solas flammeinferno

Kometen ISON er i ferd med å bli synleg med det blotte auget. – Kan bli ein av dei mest lyssterke kometar vi har sett dei siste åra, trur astronomar.

Kometen ISON

Teleskopbilete av kometen ISON tatt av eit gruppe amatørastronomar 14. november. Dei siste dagane har kometen utvikla seg til å bli stadig meir lyssterk, og er no synleg med det blotte auget. Grønfargen skuldast innhald av C2 som brenn med denne fargen.

Foto: Bruce Gary, http://www.brucegary.net/ISON/

Amatørar og astronomar verda over følgjer no spent med på kometen ISON si halsbrekkande ferd mot sola.

Om 13 dagar har kometen næraste passering av sola, og spenninga er stor både når det gjeld kor lyssterk kometen vil bli frå jorda, og om snøballen vil overleve nærkontakten med infernoet 28. november.

Farten til kometen er akkurat no på om lag 36 kilometer i sekundet, men denne farten vil auke etter kvart som kometen kjem nærare solas massive tyngdekraft.

– For oss som er litt over gjennomsnittleg interessert, er dette ei hending som vi har sett fram til lenge, fortel hobbyastronom Arne Danielsen til NRK.no.

Han fotograferte ISON ved hjelp av teleskop mandag morgon, og posta biletet på twitter.

Mange har hausa ISON opp til å vere hundreårets komet, og har spådd at han vil bli like lyssterk som fullmånen. Men ifølgje Comet ISON Observing Campaign, CIOC, er dette scenarioet er svært usannsynleg.

Likevel kan kometen bli ein av dei mest lyssterke kometar vi har sett dei siste åra, ifølgje CIOC.

Kometen ISON fotografert av hobbyastronom Arne Danielsen

Kometen ISON sett frå Vestby i Noreg gjennom teleskopet til hobbyastronom Arne Danielsen den 11. november.

Foto: Arne Danielsen
– Unik kombinasjon

ISON kjem i likskap med andre langperiodiske kometar frå Oort-skya i ytterkanten av vårt solsystem, langt utanfor banane til dei ytste planetane.

Her ute, nesten eitt lysår unna sola, svevar kilometerstore skitne snøballar av frosne gassar einsame omkring i eit iskaldt mørke.

Isklumpane har sannsynlegvis vore uendra sidan solsystemets byrjing for 4,6 milliardar år sidan, heilt til noko rykkjer ein av dei ut av banen og sender han innover mot sola.

– Det som er spesielt med ISON er kombinasjonen av to ting, fortel forskar Håkon Dahle, ved Institutt for teoretisk astrofysikk ved Universitetet i Oslo.

– Kometen fell inn frå Oort-skya for første gong, og han vil komme svært nær sola. På det næraste vil solavstanden vere berre drygt halvanna gongar solas eigen diameter.

–Ingen av desse tinga er unike i seg sjølv, men kombinasjonen er unik i høve til kometar som er studert tidlegare, seier Dahle.

– Det er derfor svært vanskeleg å føresjå kva som vil skje med kometen vidare, og om han vil overleve nærpassasjen av sola i slutten av november.

Hylla inn i gass og støv

Etter kvart som kometen nærmar seg sola vil den intense solstrålinga få isen til å gå direkte over frå fast stoff til gass (sublimere).

Kometkjernen vil då bli hylla inn i ei sky av gass og støv som etter kvart dannar ein komethale som peiker bort frå sola på grunn av solvinden som bles utover.

Studiar av halen kan gi astronomar meir forståing om kometkjernen, som kva den er laga av og kva tettleik den har, ifølgje Dahle.

Sidan kometane er restar av det som vart til over etter danning av planetar i solsystemet vårt, kan dei gi oss informasjon om korleis solsystemet vårt vart danna.

Slik ser du kometen:

Kometen er no så lyssterk at det er mogleg å sjå han med ein vanleg kikert.

Og dei siste dagane har det også komme rapportar om at kometen er i ferd med å bli så lyssterk at ein kan sjå han med det blotte auget, ifølgje Arne Danielsen.

–Den beste tida å sjå kometen på no er på austhimmelen ein til to timar før soloppgang. Tidsvindauget for å kunne sjå kometen vil gradvis bli redusert etter kvart som han nærmar seg sola og det blir kortare tid frå ometen kjem opp over horisonten og til sola står opp, seier Danielsen.

–I byen er det gjerne for mange høge bygningar, så finn deg gjerne ei lita høgde utanfor byen, rår Tor Aslesen i Norsk astronomisk foreining og Norsk meteornettverk.

–Dersom kometen overlever passasjen med sola vil han også kunne bli eit fint syn i desember, seier Aslesen.