NRK Meny
Normal

Klimaendringar utrydda mammuten

Engelske forskarar frikjenner mennesket; ny forsking tyder på at klimaendringar åleine var nok til å utrydde mammuten.

ullhåra mammut
Foto: Tracy O

Mammuten forsvann frå jorda for omkring 4000 år sidan, og det har vore ein pågåande diskusjon om kven som har skulda, mennesket eller klimaendringar.

Engelske forskarar ved Durham University i England meiner no at dei har bevis for at klimaendringar åleine var nok til å utrydde den ullhåra mammuten. Professor Brian Huntley og hans kollegaer har utført datasimuleringar av vegetasjonen i Europa, Asia og Nord-Amerika over dei siste 42 000 år.

–Trass alt er det klimaendringar som har skuld i utryddinga av dei aller fleste artar som har levd på jorda, då langt dei fleste av desse var borte lenge før arten mennesket vart utvikla, seier Huntley til NRK.

Mindre beiteland

Funna deira viser at det kalde og tørre klimaet under istidene, med reduserte konsentrasjonar av karbondioksid, har favorisert vekst av gras framfor tre.

Etter kvart som klimaet har endra seg og blitt varmare og våtare, med aukande konsentrasjonar av CO2, har tre konkurrert ut grassletter.

Med denne endringa frå grassletter til skogar, har mammuten gradvis mista beiteområde.

Forskarane ser eit klart samanfall mellom mammutana sine siste utpostar, og område der klimamodellane viser at skogen ikkje nådde utbreiing.

Dette meiner Huntley er eit klart bevis for at klimaendringar åleine var nok til å drive desse og andre store beitedyr på denne tida mot døden. Funna blir publisert i septemberutgåva av Quarternary Science Reviews.

Jakt inga viktig årsak

Huntley avviser ikkje at menneskeleg jakt kan ha lagt ytterlegare press på ein allereie pressa bestand av mammutar.

På den andre sida, seier Huntley til NRK, kunne klimaendringar lett ha gjort dette åleine.