Hopp til innhold

No kan du bli den neste planetoppdagaren

NASA inviterer publikum til å bli med i jakta på nye planetar i ytre delar av solsystemet.

Eit av måla med den nye websida er blant anna å finne ein påstått niande planet i solsystemet.

Eit av måla med den nye websida er å finne ein påstått niande planet i solsystemet vårt.

Foto: Caltech/R. Hurt (IPAC)

Ei ny webside finansiert av NASA, gjer det mogleg for alle hobbyastronomar å delta i jakta på uoppdaga planetar i solsystemet vårt. Ein deltek ved å sjå korte videoklipp av infraraude bilete teke av NASAs WISE-prosjekt. Eit prosjekt som har som mål å fotografere heile himmelen med infraraudt kamera.

– Forskarar tyr til denne folkevitskapen fordi menneske er utruleg flinke til å sjå rørsle. NASA har allereie datamaskiner som leitar etter planetar, men dei kan lett ​gå glipp av ting på grunn av mykje støy i bileta. Av og til krevjast det menneskelege auge for å leite, forklarar astrofysikar Jostein Riiser Kristiansen.

Slik ser bileta som skal utforskast ut.

Slike bilete treng forskarar hjelp til å analysere

Foto: NASA/WISE

Grunnen til at ein brukar infraraude kamera er fordi objektet so langt ute i solsystemet ikkje gir frå seg nok lys innanfor det synlege spekteret. Med eit infraraudt kamera kan ein derimot sjå varmesignaturen til eit objekt, og dermed planetar.

På nettstaden blir du bedt om å sjå etter spesifikke detaljar og kan rapportere inn om du skulle finne noko.

Du kan ta del i jakta her:

Ein niande planet?

NRK har tidlegare publisert saker om to astronomar ved California Institute of Technology som meiner dei har funne teikn på at vi har ein niande planet i vårt solsystem. Planeten skal ifølgje dei ha ei merkeleg og avlang bane i utkanten av solsystemet. Massen er påstått å vere ti gongar større enn Jorda.

Planeten er ikkje faktisk observert, men forskarar har kome fram til at det er sannsynleg at den finnast ved matematiske modellar og datasimulasjonar. No håpar dei at publikum kan hjelpe dei å finne "Planet 9"

– Det er ei moglegheit for at ein kan finne ein ny planet, men det er også mogleg at ein kan finne brune dvergar som ligg utanfor solsystemet, fortel Kristiansen.

Les også: Håper å finne "mystisk planet" i 2017

I fotspora til Pluto

Då Clyde Tombaugh oppdaga Pluto i 1930 brukte han om lag 7000 timar på å stire på samanlikningar av stjernebilete før han endeleg oppdaga dvergplaneten.

– Metoden til Tomaugh liknar den metoden som brukast på nettstaden. Det går ut på å sjå bilete tatt på same plass og prøve å sjå etter objekt som er i rørsle, noko som krev at du har eit godt auge for detaljar, avsluttar Kristiansen.

Her ser vi originale bilete frå då Pluto blei oppdaga i 1930 av Clyde Tombaugh.

Originale bilete frå då Pluto blei oppdaga i 1930 av Clyde Tombaugh.

Foto: Lowell Observatory Archives