Det er forskarar ved det store islandske genforskningsfirmaet DeCode Genetics som har leia forskningsarbeidet, som også syner at opphavet til dei islandske mennene er meir i tråd med vår gamle lærdom: 80 prosent av dei har røter frå Skandinavia, for det meste Noreg.
Stridsspørsmål
Det har ofte vore eit stridspørsmål på Island i kor stor grad islendingane også har keltisk blod i årane, og ikkje berre norsk. Den gamle lærdomen vår er at Island vart befolka av norske vikingar frå slutten av 800-talet og eit stykke frampå 900-talet – i den såkalla landnåmstida.
Men ikkje alle av dei gamle nordmennene drog rett til Island, ofte var dei for kortare eller lengre tid innom dei norrøne nybyggjarområda på dei britiske øyane. Og folk derifrå drog og til Island.
Genanalyse
I prosjektet har forskarane undersøkt genene til islendingar, nordmenn og folk frå dei keltiske områda i Nord-Skottland og Irland. For mennene sin del er røtene tilbake spora gjennom dei mannlege y-kromosoma. Her syner altså resultata at 8 av 10 islendingar har røter frå våre kystar.
Arven til kvinnene er spora gjennom analyse av det kvinnelege mitokondrielle DNA, som blir arva frå mor til dotter og til dotters dotter. Analysane syner at dei fleste islandske kvinnene har røter på dei britiske øyane.
Forskarane slår med 95 prosent visse fast at ein stad mellom 21 og 57 prosent av kvinnene har opphav frå Skandianavia, resten frå dei britiske øyane.
-Det er svært lite sannsynleg at prosenten for kvinner frå Skandinavia overstig 50. Det sannsynlege er at dei fleste islandske kvinnene stammar frå dei britiske øyane, seier forskar Agnar Helgason ved DeCode på Island.
Støtte i historiske kjelder
Helgason leia ei forskargruppe som også inkluderer britar og nordmenn. Han ønskjer å gå vidare med eit breiare utval av genmateriale for å slå opphavet endå sikrare fast. Det kan også bli aktuelt å gjere genanalyse direkte på gamle bein.
Men sjølv om resultata kan verke overraskande, peikar Helgason på at konklusjonane har støtte i gamle skrivne kjelder. I den gamle islandske landnåmsboka, som skildrar korleis landnåmsmennene bygde Island, er ein del kvinner nemnde mellom dei mange landnåmsmennene. Og fleirtalet av desse kvinnene i landnåmsboka har ætta si frå dei britiske øyane.
- Det som har skjedd, er vel i stor grad at vikingane frå Noreg har gjort strandhogg på dei britiske øyane – og sidan tatt koner med seg derifrå over til Island, seier forskar Agnar Helgason.
Av Magnar Brandseth,
Schrödingers katt torsdag 15. november kl. 19.30