Her går det galt når åttandeklassen multitasker

Ungdom er gode til å multitaske, men lærer mindre når dei gjer det, viser test.

From InfoDispatcher.SingleFileImporter

Ingrid, Brage og Miriam ved Blusuvold ungdomsskule i Trondheim fortel at dei gjerne ser på TV, høyrer på musikk, eller held på med datamaskina samtidig som dei gjer lekser.

Men klarar ungdom å lære samtidig som dei har så mange ballar i lufta?

Saman med professor i psykologi Annika Melinder testa Schrödingers katt evna til læring under multitasking i ein åttandeklasse.

Melinder er leiar for forskingsgruppa Enhet for kognitiv utviklingspsykologi, EKUP, ved Universitetet i Oslo.

Klassen vart delt i to, der den eine gruppa fekk sjå ein film utan forstyrringar.

Den andre gruppa, multitaskarane, såg filmen mens dei samtidig vart forstyrra av mobil eller pc.

Etter filmen måtte elevane svare på spørsmål som avslørte kor mange detaljar dei hadde fått med seg av filmen dei såg.

Når ein samanlikna resultata frå tidsrommet då multitaskarane vart forstyrra, viste resultatet av testen at multitaskarane gjorde det klart dårlegare enn kontrollgruppa.

– Jo meir trykk på hjerneprosessar, jo dårlegare blir prestasjonen. Det er vist gjennom eksperimentell psykologisk forsking, seier Melinder.

– Blir ekspertar på å svitsje

Psykolog Annika Melinder ved UiO fortel at det går an å trene evna til multitasking, og bli meir effektiv til å skifte mellom oppgåver.

Likevel er Melinder skeptisk til kor mykje nytte dei har av dette når ungdommane skal lære seg noko.

– Det dei blir ekspertar på er å svitsje mellom oppgåver, og å halde informasjonen opplasta kort tid i hukommelsen. Men når dei skal tenke og lære noko over tid er det ikkje sikkert dei er like mykje ekspertar, seier Melinder.

– På topp i 20-åra

Fleire studiar viser at ungdom betre enn vaksne til å multitaske, sjølv om vitskapsfolka enno ikkje er sikre på årsaken.

– Dette er funksjonar som er på topp når ein er i 20-åra, fortel Annika Melinder.

Hjerneforskarar har også interessert seg for fenomenet, og har forsøkt å finne ut kva mekanismar i hjernen som er årsaka.

Ei studie gjort av Wesley C. Clapp og kollegaer ved Washington University i St. Louis i USA samanlikna evne til multitasking hos ungdom og vaksne med funksjonell MRI. Dei fann at mens vaksne var like flinke til å skifte fokus frå ein aktivitet til ein annan ved eit avbrot, var dei unge svært mykje flinkare til å ta opp igjen aktiviteten dei haldt på med før dei blei avbrotne.

Dei vaksne deltakarane hadde problem med å lausrive seg frå forstyrringa og å gjenopprette koplingane i minnenettverket som vart forstyrra, viste deira studie.

Andre studier har vist at ein liten prosentdel av befolkinga er såkalla "supertaskarar", som har ei svært god evne til å gjere mange ting samtidig utan å gå i surr. Men det ser berre ut til å gjelde om lag 2,5 prosent av befolkinga.

Og menn er betre til å multitaske enn kvinner, har forskarar funne bevis for i ein fersk studie frå Universitetet i Stockholm

Vanskelegare å multitaske mellom like oppgåver

Professor May-Britt Moser ved Centre for the Biology of Memory ved NTNU fortel at multitasking krev ei veksling av både merksemd og arbeidsminner, eller kortvarig hukommelse.

– Arbeidsminnet har avgrensa kapasitet, og derfor er det vanskelegare å multitaske mellom like oppgåver enn dersom dei er ulike, sidan dei då brukar opp kapasiteten i det hjerneområdet som behandlar ein bestemt type informasjon eller minner, ifølgje Moser.

Ho gir eit døme:
– Det å telje og løyse mattestykker samtidig går ikkje så bra, men å høyre på musikk og løyse matteoppgåver går litt betre.

Det kan kanskje forklare kvifor mange ungdommar klarer å gjere lekser mens dei har musikk på øyret.

Men viss du altså vil at kunnskapen skal sitte, er det best å skru av alle forstyrrande element:

– For å lære noko må du konsentere deg om det. Du må ha tid til å konsolidere det du lærer, og du må gå i djupna på det du lærer. Først då blir det innprenta i hukommelsen din, seier Annika Melinder.

Sjå Schrödingers katt torsdagar kl. 19.45 på NRK1 .