Derfor ville han ikkje la seg teste av NRK

Snåsamannen trur ikkje evnene hans ville visast i eit laboratorium. Sjå intervjuet med Joralf Gjerstad.

Video Snåsamannen JOrolf Gjerstad snakker med Shrödingers katt

–Eg bøyer meg for vitskapen om dei kritiserer meg. Det synest eg er heilt ok. For den er noko uvanleg den evna eg har, seier Joralf Gjerstad, betre kjent som Snåsamannen, til NRK.

Tidlegare i sommar skreiv Dagbladet at Joralf Gjerstad ville la vitskapsfolk gjennomføre testar av evnene hans. Men i følgje Gjerstad var han feilsitert av Dagbladet, og har aldri ønska å la seg teste.

Snåsamannen

Joralf Gjerstad har no pensjonert seg, og det kjem ikkje lenger folk heim til han i Snåsa for å bli friske.

Foto: Jørn Haudemann Andersen / NRK

Schrödingers katt drog likevel til Snåsa, og spurde Gjerstad om han sjølv trur det finst ei vitskapleg forklaring på evnene hans.

Titusentals nordmenn har opp gjennom tida oppsøkt Gjerstad i heimbygda hans Snåsa i Nord-Trøndeleg. Både kjendisar og heilt vanlege folk er blant dei som meiner dei har fått hjelp av han.

Gjerstad også medvirka til å finne sakna menneske. Seinast i sommar kunne han fortelje kvar leitemannskapa skulle leite etter ei kvinne som var sakna i eit skred i Lyngen i Nordland.

Har stor tru på vitskapen

Gjerstad trur ikkje at vitskaplege testar i eit laboratorium ville avslørt at det var noko spesielt med han.

–Eg er lik som andre menneske. Same kroppen, seier Gjerstad.

Folk som har møtt Gjerstad har fortalt om ein varme som kjem frå kroppen hans. Han sjølv har inga forklaring på dette fenomenet.

Varmen kjem ifrå kalde hender. Hendene kan vere heilt iskalde, det forstår eg ingenting av, fortel Gjerstad til NRK.

–Same kva slags vitskapsmenn som kjem hit så kan eg ikkje forklare, seier Gjerstad. Folk får sjølv vurdere kva for evner eg har, eller kva for kraft som eg får for å kunne gjere sånt noko. Eg har spekulert på det sjølv.

Men evnene kjem ikkje frå hans eigen kropp, meiner han sjølv.

–Eg trur nok at det finst system utanfor meg som gir meg kraft, seier Gjerstad.

Men sjølv om Gjerstad ikkje ønskjer å la seg teste vitskapleg, har han ingenting i mot vitskapen.

Gjerstad understrekar at han alltid viste folk som kom til han til helsevesenet dersom han meinte dei var sjuke.

–Eg har veldig stor tru på vitskapen. Det er jo vitskapen som har ført mennesket framover. Dei finn opp middel mot sjukdom. Dei finn opp middel mot kreft. Det er jo vitskapen som må gjere det, seier Gjerstad.