Hopp til innhold

Slik får du blankt sølvtøy utan pussing

Gjer sølvpussen utan pussefilla og med enkle ingrediensar som finst på kjøkenet. – Dette er ein meir skånsam måte å reinse sølvet på, seier kjemikar.

Sølvskeier

Du kan få blanke sølvskeier før jul utan å gnikke.

Foto: Colourbox

Pussing av sølvtøyet er kanskje ein av dei kjedeligaste jobbane før jul.

Men du treng ikkje å gnikke og gnure; du kan få bort det mørke belegget på sølvbestikk på ein enkel måte med aluminiumsfolie, natron og varmt vatn.

– Dette er også ein meir skånsam måte å reinse sølvet på, fortel førsteamanuensis Per-Odd Eggen ved Skolelaboratoriet på NTNU.

Eggen forklarer at metoden er meir skånsam fordi du ikkje pussar bort sølvet som har reagert, men derimot snur den kjemiske prosessen slik at du får gjendanna sølvet.

Slik gjer du det:

  • Hell varmt vatn i ei langpanne.
  • Tilset nokre teskeier natronpulver i vatnet.
  • Pakk inn sølvet du vil reinse i aluminiumsfolie, men la det vere ei lita opning i folien. (Du kan også berre leggje aluminiumsfolien i botnen av langpanna. Det som er viktig er at sølvtøyet er i kontakt med aluminiumsfolien).
  • Legg sølvtøyet i natronløysinga.
  • Sølvet vil bli reinsa i løpet av mellom 1 til 5 timar, avhengig av kor mørkt sølvet er når du startar.
  • Skyl sølvet i reint vatn, og tørk det.

Dette er den riktige måten å reinse sølvet på ifølgje boka Chemistry in the Marketplace.

Sjå ein YouTube-video der metoden er demonstrert. (NB! Her blir det også brukt vanleg bordsalt i tillegg til natron, men dette er ikkje nødvendig):

Svovel er syndaren

Anløpt sølvbestikk

Sølvbestikk med mørk overflate.

Foto: NRK
Sølvbestikk etter reinsing

Etter ein halvtime var mitt sølvbestikk blankt og fint igjen.

Foto: NRK

Sjølv om vi ofte seier at sølvet er oksidert, er det likevel ikkje oksygen som gir det svarte belegget på sølvet.

– Sølvet reagerer med sulfidgassar i lufta og dannar stoffet sølvsulfid, fortel Per-Odd Eggen.

Eggen fortel at du kan pakke sølvtøyet ditt inn i plastfolie for å hindre at det reagerer med sulfid i lufta.

– Når du legg sølvtøyet i ei aluminiumsfolie får du omdanna sølvsulfid tilbake til sølv, medan aluminium blir tæra bort, fortel kjemikaren ved Skolelaboratoriet.

Dette er den delen av kjemien som kallast elektrokjemi, og som du kanskje hugsar frå skuletimane i naturfag.

Mindre edle metall vil ofre seg for dei meir edle i ein konkurranse mellom dei to metalla. Her er det aluminium som ofrar seg for sølv.

Det beste med denne enkle sølvreinsemetoden er at du får meir tid til å slappe av i julestria.