Hopp til innhold

Arkeologar avdekka grusom massakre frå jernalderen

Funn av hundrevis og kanskje tusenvis av oppkutta skjelett i England. – Kan vere vanæring av nedkjempa fiende, trur norsk arkeologiprofessor.

Arkeologisk utgraving av Ham Hill Fort.

Utgravingar av bygdeborga Ham Hill i England har avdekka massakrerte kroppar som vart drepne for om lag 2000 år sidan.

Foto: Ham Hill Archaeology, Cambridge University

Utgravingar ved Englands største bygdeborg frå jernalderen, Ham Hill, har avdekka ein massakre av hundrevis, og kanskje tusenvis av menneske. Arkeologane trur at massakren har funne stad ein stad gong i det første eller andre hundreår etter Kristus.

Nokre av menneska har regelrett blitt slakta, kjøtet skilt frå beina, og leivningane kutta opp i bitar. Dette fortel The Independent.

Nokre av skjeletta har mange rader av kuttmerke ved viktige ledd i kroppen.

–Det er som om dei har prøvd å skilje delar av kroppen, seier arkeolog Marcus Brittain ved Cambridge Archaeological Unit til the Independent. Brittain leiar utgravingane ved Ham Hill.

Bevis for fjerning av kjøt frå beina (defleshing) har også blitt funne på andre menneskeleivningar frå jernalderen, men skalaen ved denne funnstaden er spesielt dramatisk, seier han.

Utgraving av skjelett på Ham Hill Fort

Biletet viser utgravingar av eit skjelett på Ham Hill Fort. Biletet er posta på twitterkontoen til Ham Hill Fort-utgravingane.

Foto: Ham Hill Archaeology, Cambridge University

Skandinavisk parallell

–Slike funn er det ikkje mange av i Europa, seier professor Dagfinn Skre ved Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo til NRK.no.

Nokre liknande funn er kjent frå Frankrike, men Skre kjenner berre til ein parallell i Skandinavia.

Dette er Alken Enge i Danmark der ein dei siste par åra har grave fram skjelettrestar av hundrevis av krigarar som har blitt dumpa eller ofra i ei massegrav.

Professor Dagfinn Skre ved Universitetet i Oslo

Professor Dagfinn Skre.

Foto: Universitetet i Oslo

Mange av skjelettrestane vitnar om dødelege skadar i kamp, som skallar med hol etter spyd eller piler.

Det som det engelske og det danske funnet har felles er at skjeletta truleg er resultat av kamphandlingar. Dessutan er dei to funna frå om lag same tida, omkring Kristi fødsel.

–Fleire germanske folkeslag frå denne tida ser ut til å ha gått svært langt i å vanære ein nedkjempa fiende, og det er truleg dette vi ser i desse to funna, fortel Skre.

–På den tida levde det bretonar i England, og kampane ved Ham Hill har truleg stått mellom ulike bretonske stammar, fortel Skre.

Ham Hill Fort sett frå lufta

Restane av det eldgamle bygdefortet Ham Hill sett frå lufta.

Foto: University of Cambridge

Skarpe boltar skotne med katapult

Berre ein liten del av bygdeborga Ham Hill har blitt grave ut av arkeologar. Området innanfor festningsvollen er like stort som 123 fotballbaner.

Arkeologane har førebels ingen forklaring på massakren som har skjedd omkring romarane sitt inntog på dei Britiske øyer.

Mellom dei døde kroppane er det funne romersk militærutstyr som store boltar som har blitt skote ut med katapult. Boltane er tunge og skarpe som pilspissar, men svært mykje større.

Ein teori er at romarane avretta folk for å halde fred og orden mellom dåtidas mange innfødde stammar. Men romarane er ikkje kjent for å praktisere fjerning av kjøt frå skjelett, så det blir rekna som meir truleg at bretonarane sjølve står bak dette.

Dei hadde skikkar som kan likne, som å sette fram polerte skallar i døropningar.

Utgravingane ved Ham Hill har førebels gitt fleire spørsmål enn svar. Blant funna dei britiske arkeologane har gjort er graver med menneskeskallar, samt kroppar kasta i ei grop der dei har ligge eksponert og blitt gnage på av dyr. Mange av kroppane er kvinner.

– Det er utan tvil merkeleg, seier Brittain.