Hopp til innhold

Slik hugsar du detaljar om ransmannen

Minnet hos eit augevitne blir svekka av å diskutere hendinga med andre, viser svensk forsking. Sjå korleis det går når programleiarane i Schrödingers katt testar teorien.

Video e5e7b1c6-c413-4437-808e-ddd1e7b4d0eb.jpg

– Når vi har sett eller høyrt noko går vi heim og deler det med familie og venner, alle gjer jo det, seier vitnepsykolog Farhan Sarwar ved Universitetet i Lund til NRK Schrödingers katt.

Likevel viser forskinga hans at nettopp slike situasjonar kan føre til dårlegare vitneforklaringar.

– Vitne som gjorde enkle innøvingar for seg sjølv hadde betre minne. Når vitna diskuterte hendinga med familie og vener påverka det hukommelsen deira mykje, fortel Sarwar.

Bilete frå overvakingskamera som viser Anna Lindhs mordar

Bilete frå overvakingskamera viser at Anna Lindhs mordar hadde vanlege klede, og ikkje militærklede som mange vitne fortalde.

Foto: Svensk politi

Nøyaktigheita i vitneforklaringane til den sistnemnde gruppa var svært mykje dårlegare enn dei som gjorde enkle gjenforteljingar på laboratoriet.

Eitt døme på kor feil augevitne kan ta er i augevitneskildrigane av den svenske utanriksminstaren Anna Lindhs mordar. Dei som var på kjøpesenteret NK i Stockholm og såg mordaren var einige om at han hadde på seg militærklede.

Men bileta frå kjøpesenterets kamera viste at mordaren hadde på seg vanlege klede.

Ran med øks

For å teste Farhan Sarwars teori blei programleiarane Per Olav Alvestad og Hanne Kari Fossum i Schrödingers katt augevitne til eit fiktivt ran på ein butikk.

Ein mann med øks spring inn i lokalet, kommanderer ein tilsett til å tømme kassa og spring så ut av butikken med byttet i ein pose.

Mens Hanne Kari berre memorerte hendinga for seg sjølv, gjekk Per Olav like etter ranet i gang med å ringe og snakke med familie, kollegaer og vener om opplevinga.

Snart skal dei begge avhøyrast av politiet om kva dei har opplevd.

Farhan Sarwar

Vitnepsykolog Farhan Sarwar.

Foto: Lund Universitet
Innøving er testsituasjon

– Vi veit jo frå hukommelsesforsking at innøving skal forbetre minnet. Derfor kan folk kanskje tru at viss du fortel kva du har opplevd til familie og vener burde det også forbetre hukommelsen, seier Sarwar.

Men slik ser det altså ikkje ut til å vere.

– Når du øver inn historia på eiga hand, utan at andre er involvert, veit vi frå forsking at det er som å ta ein test, seier han.

– Men mens minnet blir forbetra ved å ta ein test, er diskusjon med familie og vener ulikt frå ein test fordi du også får input frå dine diskusjonspartnarar, fortel vitnepsykologen frå Lund Universitet.

Bommar på dialekt og påkleding

Det er tid for å teste kva dei to programleiarane hugsar frå det fiktive ranet.

I avhøyr hugsa begge at ransmannen bar ei øks, og begge kunne gjenfortelje hovudlinjene i situasjonen.

Men så skil dei to forklaringane seg ganske mykje frå kvarandre.

Per Olav meinte at ranaren snakka austlandsk, og at han hadde på seg ei mørk bukse.

Hanne Kari var derimot heilt klar på at dialekten var trøndersk, og at buksa var lys.

Fasiten kan du sjå i denne videoen:

Video Vitneforklaring 2

Skriv ned

– Det beste ein kan gjere, er å skrive ned det ein har sett, er Farhan Sarwars råd til alle som måtte komme i ein situasjon der dei blir augevitne.

Sarwar er no i gang med å utvikle ein metode basert på desse funna som kan hjelpe politiet å vurdere kor sannsynleg det er at ei vitneforklaring er riktig.

– Laboratoriedata viser at vår metode verkar, no arbeider vi med verkelege hendingar for å sjå korleis metoden verkar i ein praktisk samanheng, seier Sarwar.

Sjå Schrödingers katt på NRK1 i kveld kl. 19.45.

Per Olav Alvestad og Hanne Kari Fossum i avhøyrssituasjon

Per Olav Alvestad og Hanne Kari Fossum var vitne til det same fiktive ranet, likevel var det stor skilnad på vitneforklaringane deira.

Foto: NRK