Fusjon er energiforskaranes heilage gral. Når menneska på jorda greier å laga energi på same måten som på sola, vil olje, gass, vanleg atomkraft, og jamvel vind- og solkraft, vera noko me etter kvart ikkje lenger treng.
Det er fordi, i teorien iallfall, kan fusjonskraft produsera tilnærma uendeleg med energi. Og det vil ikkje vera noko radioaktivt avfall eller eksplosjonsfare.
Forskarar har klart å få til fusjon, men problemet er at det har kosta meir enn det smakte. Ein fekk mindre energi ut enn ein putta inn.
Rekordstort trykk
Det er fleire forskingssenter i verda som forskar på fusjon – blant anna Massachusetts Institute of Technology (MIT) i USA.
På heimesida til MIT skriv dei at dei sette ny rekord i å måla plasma-trykk i fusjonsreaktoren som har namnet «Alcator C-Mod» og er av typen tokamak.
Den førre rekorden frå 2005 blei slått med 15 prosent. Og temperaturen blei målt til heile 35 millionar grader celsius – som er heile to gonger så varmt som i kjernen av sola. Ifølgje Guardian heldt temperaturen på 35 millionar grader seg i to sekund.
– Dette er ein prestasjon som verkeleg er verd å merka seg, seier Dale Meade til Guardian. Han har tidlegare vore nestleiar ved Princeton Plasma Physics Laboratory.
Under her kan du vera med inn i rekordreaktoren.
Sola kunne gitt energi til millionar av jordklodar
Likevel er det ikkje nok. Forskarane reknar med at ein iallfall treng temperaturar på over 50 millionar, og kanskje opp mot 100 millionar grader celsius, for å få fusjonsenergi til å fungera. Plasmaen må òg vera stabil når han er så varm.
Vår eiga stjerne, Sola, produserer så mykje energi at me treng berre 0.0000002 % av sollyset for å fora HEILE jordkloden med energi.
Ny reaktor blir bygd i Frankrike
Rekorden i Massachusetts blei sett den siste dagen reaktoren var i gong. USA skal i staden gi pengar til eit anna gigaprosjekt – i samarbeid med EU, Kina, India, Sør-Korea, Russland og Japan. Fleire titals milliardar kroner skal bli investert i ein ny fusjonsreaktor i Frankrike.
Bilete frå oktober. Bygginga av ITER-reaktoren er i gong, men det kan gå 15 år før han er i full drift.
Foto: BORIS HORVAT / AFPDen har namnet ITER og skal bli 800 gonger så stor som reaktoren i Massachusetts. Likevel ventar forskarane ved MIT i USA at deira rekord vil stå i 15 år, sidan reaktoren i Frankrike truleg ikkje vil vera i full vigør før tidleg på 2030-talet. Prosjektet er allereie fem år forseinka, og har fått ei kostnadsoverskriding på over 40 milliardar kroner.
Her kan du lesa meir om ITER-reaktoren: Verdas dyraste eksperiment kan løysa framtidas energiproblem
Vil du læra meir om fusjonskraft? Då tilrår vi denne NRK Viten-saka frå 2013