Hopp til innhold

– God hiv-medisin gjer at folk droppar kondom

Medisinane mot hiv er så gode at folk ikkje er redde for å ha ubeskytta sex lenger. Det meiner Helseutvalget, som jobbar med helseopplysning til menn som har sex med menn.

Helseutvalget, bobil for hiv-testing

Helseutvalget har med seg ein bubil når dei oppsøker miljøa der menn har sex med menn. Her tilbyr dei hurtigtester av hiv og syfilis.

Foto: Helseutvalget

– Det er ingen tvil om at hivmedisinen er blitt ei kvilepute, seier kommunikasjonsrådgjevar i Helseutvalget, Aksel Overskott til NRK.

Dei oppsøker ulike risikogrupper og tilbyr informasjon og hurtigtestar av HIV og syfilis.

Aksel Overskott

Aksel Overskott, kommunikasjonsrådgjevar i Helseutvalget, seier dei gode hivmedisinane gjer at folk ikkje er redd for å ha ubeskytta sex.

Foto: Helseutvalget

– Det ser ut til at folk tar større sjansar, og tar lettare på dette med kondombruk, seier Overskott.

Auke i seksuelt overførbare sjukdommar

Tal frå Folkehelseinstituttet viser ei markant auke i talet på syfilis- og gonoresmitta etter 1996.

Dette er same året som hivmedisinen, slik vi kjenner den i dag, kom.

Registrerte tilfeller av hiv hos menn har gått opp etter at det kom medisin i 1996. Graf.
Registrerte tilfeller av hiv, syfilis og gonore hos menn har gått opp etter 1996. Graf.
Haakon Aars

Lege og sexolog Haakon Aars etterlyser fleire informasjonskampanjar om faren ved ubeskytta sex.

Foto: Privat

– Dette gjeld ikkje berre dei homofile, men også andre grupper, poengterer psykiater og spesialist i klinisk sexologi, Haakon Aars.

– Etter at hivmedisinen kom i 1996, med den gode virkninga den har vist seg å ha hatt, forsvann fokus på hiv frå media, frå helsestyresmakter si side, og dermed også frå folk sitt medvit. Folk blir ikkje så redde lenger, fortset han.

– Dette blir ein vond sirkel, forklarer Overskott i Helseutvalget.

Det er nemleg slik at dersom du har syfilis, gonore eller herpes, er du meir mottakeleg for HIV-smitte. Og dersom du har desse sjukdommane og i tillegg er HIV-smitta, kan du lettare smitte andre.

Etterlyser informasjonskampanjar

– Informasjonsmengda må opp, og da er det Helsedirektoratet som har eit ansvar, seier Haakon Aars.

– Etter at epidemien oppstod, og før man hadde ein fullgod medisinering, såg vi hyppige kampanjar i aviser og på tv. Det er så å seie borte. I tillegg må undervisningsopplegget i grunnskulen og innanfor fagutdanninga til helsearbeidarar betrast.

Helsedirektoratet stadfester at kommunikasjonen frå det offentlege er ein annan no enn før HIV-medisinen kom. Hiv har gått frå å vere ein alvorleg, dødeleg infeksjon, til å bli ein kronisk infeksjon ein kan leve med.

No fokuserer dei på meir målretta kampanjar mot miljøa der smitten er størst, seier seniorrådgjevar Lennart Lee Lock.

– Vi bruker mykje pengar på organisasjonar som blant anna Helseutvalget. Dei har innpass på sexklubbar og ulike arenaer der menn treffast for å ha sex.

– God nok kunnskap, men gir blaffen

Aksel Overskott i Helseutvalget trur folk har den naudsynte kunnskapen om sjukdommar som smittar via sex.

– Det som er overraskande er at folk gir blaffen i å bruke kondom likevel.

Han understrekar at det difor er ekstra viktig å teste seg.

– Når ein ikkje brukar beskyttelse er det heilt nødvendig å ha kontroll på eigen helsetilstand, seier han.

Programmet "Tilbake til framtiden" som sendes på NRK1 torsdag kl. 20.25, handler om hiv og aids.