Hopp til innhold

FHI: Apekoppar smittar særleg ved sex – nesten berre homofile er råka

Sjukdommen spreier seg blant menn som har sex med menn. – Trist, men ikkje noko å skamme seg over, meiner ein smitta.

Menn held rundt kvarandre, Madrid i Spania

KJERNEGRUPPE: Det er i all hovudsak menn som har sex med menn som er smitta av apekoppar. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Bernat Armangue / AP

Apekoppar har så langt nesten berre spreidd seg blant homofile og menn som har sex med menn – sjølv om det i utgangspunktet kan smitte kven som helst.

– Det er ikkje noko hyggeleg. Det er urettferdig.

Det seier Rolf Martin Angeltvedt, leiar i «Helseutvalget». Det er ein stiftelse som jobbar med seksuell helse blant personar som har sex med personar av same kjønn.

Folkehelseinstituttet (FHI) har nyleg publisert ei ny risikovurdering om spreiing av apekoppar i Noreg.

FHI vurderer at det er svært lite sannsynleg for epidemi av apekoppar i Noreg, men større sannsyn for vidare spreiing blant grupper av menn som har sex med menn.

Angeltvedt synest det er bra at FHI er tydelege på dette. Til NTB seier han at det er på tide å snakke sant om kven dette viruset råkar. Han synest ikkje ein skal vere så politisk korrekt når det kjem til smittespreiing.

LES OGSÅ Hvorfor heter det apekopper? Og andre spørsmål du kanskje lurer på

Apekopper sett i mikroskop

Nesten berre menn er smitta

Apekoppar gir utslett og feber. Symptoma er ofte milde, men kan bli alvorlege hos personar i enkelte risikogrupper. I Noreg er det per 27. juli meldt om 50 smittetilfelle, 31 av desse er i Oslo.

Alle dei norske smitta er menn. I Europa er 99,5 prosent av tilfella menn. Verdas helseorganisasjon (WHO) melder også at fleirtalet av rapporterte tilfelle av apekoppar globalt for tida er hos menn.

Det viser også ein ny studie av viruset frå tidsskriftet The New England Journal of Medicine.

– Vi vurderer at smitten kan halde fram med å spreie seg i miljø der menn har sex med menn, særleg ved mange intime nærkontaktar, sjølv utan stadig nye importerte tilfelle, seier lege Elisabeth Astrup ved Folkehelseinstituttet.

Smitta av apekoppar: – Ingen skam

Guðmundur Helgi Arnarson vart smitta av apekoppar i slutten av juni. Han fekk feber og smerter i kroppen, men ikkje noko særleg utslett.

Han er opent homofil, og meiner det ikkje bør vere noko skam knytt til å få apekoppar.

– Det kan smitte alle. Dessverre har denne sjukdommen spreidd seg blant homofile, som lettare har fleire sexpartnarar. Det er trist, men eg føler det ikkje er noko å skamme seg over, seier han.

Portrett av Guðmundur Helgi Arnarson

Guðmundur Helgi Arnarson kjem frå Island, men bur i Oslo. Han meiner apekoppar ikkje er noko å skamme seg over.

Foto: Privat

– Kan tyde på at det smittar særleg ved sex

Men kvifor spreier apekoppar seg hovudsakleg blant homofile? Heterofile kan jo også ha mange partnarar.

Smitteutbrotet i Europa skal sannsynlegvis ha starta etter seksuell omgang med homofile og bifile menn etter festar i Spania og Belgia, ifølge nyheitsbyrået AP.

– I dette utbrotet har appekoppeviruset kome inn og spreidd seg internasjonalt i nettverk av menn som har sex med menn. Fram til no har det vore lite spreiing utanfor dette miljøet, seier Astrup i FHI.

– Det kan tyde på at viruset i hovudsak spreier seg ved intim kontakt og særleg ved sex.

LES OGSÅ Er smitta av apekoppar: – Vanskeleg å få tak i informasjon

Aleksander Sørlie

Smittar i «kjernegruppe»

Verdas helseorganisasjon (WHO) erklærte laurdag det internasjonale utbrotet av apekoppar som ei global helsekrise. Sjukdommen har passert 16.000 tilfelle i 75 land, og meir enn 10.000 av desse er i Europa.

FHI vurderer at det er moderat sannsyn for at enkeltpersonar i den allmenne befolkninga i Noreg skal bli smitta. Dei vurderer det som svært lite sannsynleg med ein epidemi av apekoppar i den allmenne befolkninga her i landet.

Angeltvedt etterlyser ei forklaring på kvifor det er ei gruppe som hovudsakleg er råka.

– Det er ikkje så mykje forklaring på kvifor dette viruset råkar menn som har sex med menn, meiner han.

Portrett av Rolf Martin Angeltvedt i Helseutvalget

Rolf Martin Angeltvedt i «Helseutvalget» seier det kjennest urettferdig at det hovudsakleg er homofile og menn som har sex med menn som har blitt smitta av apekoppar.

Foto: Alexandra Gjerlaugsen

Angeltvedt synest at ein openbert kan trekke parallellar mellom hiv og aids og apekoppar.

Astrup i FHI fortel at spreiinga liknar på den vi ser ved nokre seksuelt overførbare sjukdommar, der spreiinga hovudsakleg held seg i «ei kjernegruppe» av personar med høg rate av nye seksuelle kontaktar.

Men apekoppar er ikkje definert som ein seksuelt overførbar sjukdom?

– Apekoppar smittar mellom menneske via tett kontakt med utslett, kroppsvæsker og dropar. Fordi apekoppar smittar hovudsakleg gjennom direkte kontakt, er det større sannsyn for vidare spreiing dersom sjukdommen blir introdusert i eit nettverk med mykje tett kontakt, til dømes i ein hushaldning eller blant seksuelle partnarar.

LES OGSÅ WHO slår alarm: – Apekoppar er ei global helsekrise

Apekopper

Åtvara mot stigmatisering av homofile

I mai gjekk FN sitt hiv- og aidsprogram ut og åtvara mot stigmatisering av homofile i omtalen av apekoppar.

Angeltvedt seier at homofile er vande med stigmatisering.

– Eg er stygt redd for at det skjer. Men vi ynskjer likevel å støtte opp om helsemyndigheitene sitt fokus på denne gruppa.

Informasjonskampanjar har sidan virusutbrotet starta i mai, retta seg mot homofile miljø.

Helseekspertar i USA har ein teori om at pridemarkeringar i juni kan ha sett større fart på spreiinga av viruset, ifølge NBC News.

Erfaring frå kjønnssjukdommar

FHI fortel at dei saman med Helsedirektoratet har samarbeida med organisasjonar og grupper, både før og etter pride, for å sørge for at målretta informasjon er tilgjengeleg.

Sjekkeappen Grindr har fleire annonsar. Helsedirektoratet har lagt ut informasjon på nettstaden Gaysir.

– I Noreg har vi lang og god erfaring med førebyggande arbeid blant menn som har sex med menn. Det er ei sårbar gruppe for ei rekke overførbare infeksjonar, som hivinfeksjon, gonoré og syfilis, fortel Astrup.

Ho understrekar likevel at det er viktig å formidle at risikoen for smitte ikkje er avgrensa til denne gruppa.

AKTUELT NÅ