Hopp til innhold

- Fiskebeinteknikk kan avgjere løpet

Forskarar har analysert den mest effektive metoden for skiløparar å gå i bakkar.

Northug

I fellesstart kan vinnaren bli den med den beste fiskebeinteknikken. Og Northug er ein av våre løparar som er god i fiskebein.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Fiskebeinsteknikk er kanskje ikkje det ein først og fremst tenker på at skiløparar må vere gode i, men teknikken i motbakken kan vise seg å vere svært viktig.

– Fiskebeinsteknikk kan avgjere løp i fellesstart, seier forskar Øyvind Sandbakk ved Institutt for bevegelsesvitenskap ved NTNU til NRK.no.

Svenske forskarar ved Mittuniversitetet i Østersund har saman med norske forskarar analysert fiskebeinsteknikk hos Frode Estil og ti andre toppløparar og komme fram til den mest effektive teknikken for å gå motbakkar i klassisk stil.

Smal V og høg frekvens

– Det er ingen som har studert fiskebein før, så eg syntest det var på tide å analysere denne teknikken, fortel rørsleforskar Erik Andersson ved Mittuniversitetet til NRK Schrödingers katt.

Analysane avslørte kva som var den mest effektive fiskebeinsteknikken:

Skia skal vere flatt ned på snøen, nesten all kraft i fråsparket skal liggje på innsida av framfoten. Skia skal forme ein smal V, og løparane må halde ein svært høg frekvens, eller altså ta mange og raske steg.

Andersson fortel at det også er viktig å ha ein stabil kroppsposisjon og ikkje sleng for mykje med overkroppen.

Måling av stavkraft viste at 80 prosent av krafta i ein god fiskebeinsteknikk kjem frå beina, mens berre 20 prosent ligg i armane.

Sjå den mest effektive fiskebeinsteknikken her:

From InfoDispatcher.SingleFileImporter

Fiskebeinsteknikk

Avgjerande rykk

– Skiløparar går fiskebein kanskje 2–3 prosent av tida i eit klassisk løp, men dette er samtidig i avgjerande rykk under løpet, fortel Øyvind Sandbakk ved NTNU.

Frode Estil

Frode Estil er kjent for å vere svært god i oppoverbakkar. Med det elkjende Estilrykket som trumfkort tok Estil 2 OL-gull, 4 VM-gull pluss fleire sølv- og bronsemedaljar.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

– Det er viktig å studere fiskebeinsteknikken for å forstå kva som er årsaka til god teknikk, og ikkje berre utfallet, seier forskaren.

Sandbakk som også var involvert i prosjektet, er for tida i skiløypene i Davos med landslaget før VM. Han fortel at kunnskap om den beste fiskebeinteknikken blir tatt i bruk av norske skiløparar.

– Slik kunnskap gir tryggleik når ein diskuterer med trenarar og utøvarar, seier han.

Av dagens norske utøvarar trekkjer Sandbakk fram Petter Northug og Eldar Rønning som gode i fiskebein.

I dei bratte bakkane i Val di Fiemme vil dei få bruk for teknikken sin når VM startar neste veke.

Innslaget blir sendt i Schrödingers katt på NRK1 i kveld kl. 19.45.