NRK Meny
Normal

Slik meistrar du langrennssvingen

Forsking viser kva for svingteknikk som vil ta innersvingen på motstandaren. Hemmelegheita ligg i overgangen mellom bremsing og akselerering.

Video Langrennssvingen

Den bratte, krappe svingen er ei stor fare ute i skisporet. Den kan knuse draumen om gull.

Men om ein gjer det riktige, kan svingen sikre ein plass på sigerspallen.

Slik den gjorde for Marit Bjørgen i sprintfinalen i OL i Vancouver i 2010.

I den siste svingen før oppløpet låg Bjørgen bak Kowalczyk, men modige val og dyktig teknikk sende Bjørgen først ut av svingen, og med størst fart.

Med ein dårlegare sving er det ikkje sikkert at resultatet hadde vore gull til Bjørgen.

Sjå eit gjensyn med Marit Bjørgens innersving på Kowalczyk her:

Analysert svingen med lupe

Video Bjørgen tar innersvingen på Kowalczyk

– Svingen er kjempeviktig. Løparane har gått langt i ei konkurranse, dei skal køyre svingen med mykje mjølkesyre. Det er moglegheit til å ta plassar, og gå forbi konkurrentane. Og i tillegg skal dei ikkje falle. Så sjølvsagt er svingen viktig. Det er ikkje sjeldan at løp har blitt avgjort i ein sving, seier Silvana Bucher til NRK Schrödingers katt.

Bucher er tidlegare langrennsløpar på det sveitsiske landslaget. No forskar ho på den vanskelege svingen som student på Høgskolen i Nord-Trøndelag (HINT). Forskingsprosjektet er eit samarbeid mellom Olympiatoppen, NTNU og HINT.

Silvana har analysert svingen med lupe med hjelp av eliteløparar.

Utøvarane gjekk gjennom svingane med eit svært nøyaktig GPS-system. På bakgrunn av dette kunne Bucher berekne fart og kva linje løparane køyrde, samt energitap eller gevinst.

– Og så kopla vi det heile til video og teknikk, og då fekk vi umiddelbart svar på om løparane køyrde effektivt eller ikkje, fortel Bucher.

Svingteknikk i langrenn

Langrennsløpar under målingane av svingteknikk.

Foto: Silvana Bucher, HINT

Kort og effektiv bremsefase

Bucher deler svingen inn i to fasar, ein bremsefase og ein akselerasjonsfase.

– Nøkkelen til ein perfekt sving ligg i overgangen mellom dei to fasane, fortel Bucher. – Overgangen bør skje så raskt som mogleg, og på så høg fart som mogleg.

Når ein kjem inn mot ein skarp sving i god fart, er det med andre ord viktig å bremse raskt ned, og deretter skifte raskt til skøyting.

– Det løner seg å skifte frå brems til skøyting før 50 prosent av svingen er unnagjort, ifølgje Bucher.

I analysane gjort av Bucher og kollegaene såg dei at enkelte utøvarar skifta til skøyting berre ein tredel ut i svingen.

– Du tar ein del sjansar med dette, det er krevjande å skifte teknikk i høg fart, men det kan løne seg, seier Bucher.

Men for å klare eit teknikkskifte i stor fart bør du ha musklar.

– Jo sterkare du er i beina, spesielt av type eksplosiv styrke, jo fortare klarar du å køyre gjennom ein sving, seier idrettsforskaren.

Riktig linje

Målingar av svingteknikk hos langrennsløparar

Forskarane i ferd med å registrere data av langrennssvingen.

Foto: Silvana Bucher, HINT

Kva linje du vel i svingen er også viktig. Det er nemleg ikkje nødvendigvis den kortaste svingen som er den beste.

Minst like viktig er det med kva fart du kjem ut av svingen med.

– I dei aller fleste tilfelle løner det seg å leggje seg passe ut i starten av svingen, for så å køyre gjennom svingen med større radius, seier Silvana Bucher.

Med denne strategien vil du vere i stand til å byrje å skøyte på eit tidlegare tidspunkt, slik at du kan akselerere betre ut av svingen.

Kan betre sjølvtilliten

I intervju med utløparane kom det også fram at det var mange av langrennsløparane som hadde dårleg sjølvtillit på det å køyre svingar.

– Dei kunne ha stor sjølvtillit i motbakke, men kjempedårleg sjølvtillit på å køyre nedover, fortel Bucher.

No håpar ho at denne studien kan gi trenarar og utøvarar råd om kva som faktisk fungerer, og kva som ikkje fungerer, i svingen.

– Og det igjen kan betre sjølvtilliten til å faktisk ta rett val i ein ganske stressa situasjon som det faktisk er å køyre ein sving, seier Bucher.

Sjå Schrödingers katt i NRK1 torsdag kl. 19.45