– Eg syns vi leverte ein veldig god kamp og hang med dei. Dei er eit betre lag enn oss, men vi gjorde ein god jobb, spesielt i forsvar, seier Odd Erik Gullaksen som er sportsleg leiar i Førde handball.
For trass i at det vart eit 29–23-tap, stod det 10–10 like før pause i første omgang. Førde er som kjent nyopprykka til førstedivisjon, medan Tertnes er eit etablert eliteserielag.
God taktisk kamp
Tertnes-trenar Tore Johannessen lét seg imponera over det nyopprykte førstedivisjonslaget.
– Førde gjorde ein veldig god kamp taktisk. Dei spelte lange angrep og drog ned tempoet i kampen, så dei gjorde det vanskeleg for oss, seier Johannessen til BT.
Førde-spelar Marit Ova Bøyum (21) sa før kampen at ho hadde vore nervøs i ei veke, men markerte seg med å bli toppscorar med sju mål.
– Ho har vore god over lang tid på trening og får det no ut i kamp. Ho leverte ein veldig god kamp, seier Gullaksen.
For nyopprykt Førde har bite godt frå seg i sin første sesong i førstedivisjon, etter opprykket i vår.
Det første møtet med spel i 1. divisjon vart tøft, då dei tapte 34–22 mot Skrim.
– Skrim har vist seg å vera det beste laget i divisjonen, seier Gullaksen.
Og i kampen etter kom det første poenget i bortekampen mot Fjellhammer, 10. september, i ein kamp som enda med 23–23. Før dei så vann 26–23 heime mot Aker Topphåndball.
Med det ligg dei midt på tabellen med tre poeng på tre kampar.