Hopp til innhold

Marit (21) har vore nervøs i ei veke for denne kvelden

Marit Ova Bøyum har siste veka kjent at det er ein handballkamp utanom det vanlege i kveld.

Marit Ova Bøyum (t.v.) og Maria Ullebust Oppedal

NERVAR: Bakspelar Marit Ova Bøyum og Førde er budde på tøffe tak i Haukelandshallen i kveld. – Eg har kjent det i ei veke. Så eg er spent, seier 21-åringen frå Jølster.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Førde møter eliteserielaget Tertnes når dei for første gang spelar ein 4. rundekamp i cupen.

– Vi møter gode spelarar og trenarar, spelarar vi har sett opp til og som har vore innom landslag. Det er ein ekstra nerve. Det blir ikkje som å spele mot ein 1. eller 2. divisjonsklubb, seier Marit Ova Bøyum.

– Vi må ha trua

Førde sin 21-årige bakspelar vart banas beste og delt toppscorar då Førde tok sin første siger i 1. divisjon mot Aker.

Langt tøffare tak blir det når tabellseksaren i eliteserielaget inviterer til cupkamp i Haukelandshallen.

– Vi må jo ha trua, men Tertnes skal i utgangspunktet vere eit betre lag enn oss uavhengig av mange skader eller ikkje. Samstundes trur eg vi kan vere meir gira enn dei, sidan vi spelar i 1. divisjon og dei i eliteserien, seier Bøyum.

Har tradisjonar

– Eg trur vi alle er klare for å fighte. Dei bør kanskje passe seg litt, held 21-åringen fram og likevel vedgår at det skal litt til for å finne Førde på lista når kvartfinalane blir trekte torsdag.

Tertnes har to sølv og tre bronsar i serien sidan 1998. Dei har to sølv i cupen, seinast i 2016. Bergensklubben har jamleg delteke i europacupen.

– Vi har hatt gode treningar i det siste og er veldig «på». Men eg reknar med at Tertnes ikkje ynskjer å bli slått av «vesle» Førde, seier Bøyum.

– Kva trur du blir avgjerande i kveld?

– At vi held oppe konsentrasjonen og motet, sjølv om vi skulle komme bakpå i byrjinga. Vi kan ikkje gi opp.

P.S. Ei som definitivt ikkje spelar kveldens kamp, er Tertnes sin tidlegare Førde-spelar, Kjerstin Boge Solås. Ho er ute for heile sesongen med ein korsbandskade .

I tillegg er Førde-keeper og søster av Kjerstin, Andrea, skada.

– Det gjer det enklare for mamma på tribuna at ingen av oss speler, då slepp ho å velja kven ho skal heia på, seier ei lattermild Kjerstin Boge Solås til NRK.