Førde møter eliteserielaget Tertnes når dei for første gang spelar ein 4. rundekamp i cupen.
– Vi møter gode spelarar og trenarar, spelarar vi har sett opp til og som har vore innom landslag. Det er ein ekstra nerve. Det blir ikkje som å spele mot ein 1. eller 2. divisjonsklubb, seier Marit Ova Bøyum.
– Vi må ha trua
Førde sin 21-årige bakspelar vart
mot Aker.Langt tøffare tak blir det når tabellseksaren i eliteserielaget inviterer til cupkamp i Haukelandshallen.
– Vi må jo ha trua, men Tertnes skal i utgangspunktet vere eit betre lag enn oss uavhengig av mange skader eller ikkje. Samstundes trur eg vi kan vere meir gira enn dei, sidan vi spelar i 1. divisjon og dei i eliteserien, seier Bøyum.
Har tradisjonar
– Eg trur vi alle er klare for å fighte. Dei bør kanskje passe seg litt, held 21-åringen fram og likevel vedgår at det skal litt til for å finne Førde på lista når kvartfinalane blir trekte torsdag.
Tertnes har to sølv og tre bronsar i serien sidan 1998. Dei har to sølv i cupen, seinast i 2016. Bergensklubben har jamleg delteke i europacupen.
– Vi har hatt gode treningar i det siste og er veldig «på». Men eg reknar med at Tertnes ikkje ynskjer å bli slått av «vesle» Førde, seier Bøyum.
– Kva trur du blir avgjerande i kveld?
– At vi held oppe konsentrasjonen og motet, sjølv om vi skulle komme bakpå i byrjinga. Vi kan ikkje gi opp.
P.S. Ei som definitivt ikkje spelar kveldens kamp, er Tertnes sin tidlegare Førde-spelar, Kjerstin Boge Solås. Ho er
.I tillegg er Førde-keeper og søster av Kjerstin, Andrea, skada.
– Det gjer det enklare for mamma på tribuna at ingen av oss speler, då slepp ho å velja kven ho skal heia på, seier ei lattermild Kjerstin Boge Solås til NRK.