– Vi ligg under nesten heile kampen. Dette var ein slitsam krigekamp. Vi har ei god periode etter pause, men klarer dessverre ikkje å halde heilt inn, seier Jeanette Øksenberg som blei kåra til banens beste for Førde.
Etter første omgang låg Førde under 14–8 i 1.-divisjonskampen mot det ubeseira trønderlaget Charlottenlund. Noko må ha skjedd i pausen, for då Førde var tilbake på bana til andre omgang, sette dei på turboen og leia med to mål midt i omgangen. Det var først på slutten at heimelaget svikta og tapte 21–25 mot Charlottenlund.
Stang ut
– Vi var veldig uheldige og hadde mykje stong ut i første omgang. Men vi kom jo til sjansar, så vi må berre eit lite hakk opp i prestasjonane, seier Jeanette Øksenberg.
Ho fortel at dei bestemte seg for å ta meir styringa i andre omgang. Og det funka lenge. Forsvaret var og mykje betre i andre omgang. Trenar, Kristinn Gudmundsson, er nøgd med delar av spelet, men seier det er mykje å gå på om det skal halde heilt inn.
Må vere med frå start
– I første omgang heng vi rett og slett ikkje med. Dette er noko vi må jobbe med. Skal vi vinne slike kampar må vi vere med frå starten av kampen, seier Gudmundsson.
Etter opprykket førre sesong står Førde Handball med tre poeng, etter ein siger, ein uavgjort og tre tap. Charlottenlund frå Trondheim har hatt ein god start på sesongen med fire sigrar og eitt tap. Det fører dei opp på tabelltopp med ni poeng, eit framfor Skrim og Viking. Skrim har ein kamp mindre spelt. Førde ligg tredje sist, men det er jamt mellom laga framfor dei og ein siger kan føre dei oppover på tabellen.