Hopp til innhold

Førde med sitt første poeng i 1. divisjon

Førde sitt damelag i handball leia mot Fjellhammer før det rakna i sluttminutta.

Førde handball, tapte første kamp i førstedivisjon

UAVGJORT: Førde spelte uavgjort på bortebane mot Fjellhammer.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Laster innhold, vennligst vent..

Ti minutt før slutt leia Førde 20-16 i Lørenskog. Då det stod att fem minutt av kampen var leiinga redusert med to mål. Berre 35 sekund før kampslutt scora Fjellhammer og utlikna.

– Det var stresset som tok overhand. Framme hadde vi raske avslutningar som gjorde at dei kom i ryggen på oss. Vi klarte ikkje å ro det heilt inn, seier Førde-spelar Jeanette Øksenberg.

Sjølv om kampen enda 23-23 var det ei god kjensle laget hadde etter kampen når det første poenget i førstedivisjon var sikra.

– Vi gjorde det bra. I forsvar stod vi godt, noko som gjorde at vi kunne score framover, seier Øksenberg.

– Smakte eitt poeng like godt som ein siger?

– Nesten, men det hadde vore godt med siger når vi leia på slutten. I garderoben vart vi einige om at eitt poeng er veldig bra etter ein sånn kamp, seier ho.

Toppscorar for andre kamp på rad

Førde-spelar Jeanette Øksenberg scora flest mål i bortekampen. Med sine 23 skot på mål gjekk ballen inn 10 gonger.

– Eg er skikkeleg nøgd, noko meir er det ikkje å sei om det, ler Øksenberg.

Dette var Førde sin andre kamp i førstedivisjon, etter at dei rykka opp i fjor haust.

– Det er knalltøft og noko heilt anna enn 2. divisjon. Alle tykkjer det er kjekt å kjenne på dette nivået, sjølv om det er tøft. Vi klarar oss godt og held nivået, avsluttar Øksenberg.

Jeanette Øksenberg

TOPPSCORAR FOR FØRDE: Jeanette Øksenberge har bøtta inn med mål for Førde i førstedivisjon.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK